Vita Pavlysj












Vita Pavlysj

Fødd
15. januar 1969
Kharkiv

Vita Pavlysj, fullt namn Viktorija Anatolivna Pavlysj, (fødd 15. januar 1969) er ein ukrainsk tidlegare kulestøytar frå Kharkiv. Ho vart europameister i øvinga i 1994 og 1998. Etter å ha vorte dopingdømd for andre gong i 2004 vart Pavlysj nekta å delta i friidrett for all framtid.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Doping


    • 1.2 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Kjelder





Aktiv |


Pavlysj gjekk heilt til topps i EM 1994, 12 cm framom tyske Astrid Kumbernuss. Tre år seinare var rollene omsnudd under VM 1997 i Athen. Kumbernuss støytte fem cm lengre enn Pavlysj i deira respektive bestestøyt, dei to var elles i ei klasse for seg. Ved friidretts-EM 1998 i Budapest den 20. august 1998 var Pavlysj fullstendig suveren, med sitt livs lengste støyt på 21,69 meter hadde ho ein sigersmargin på nesten to meter til sølvvinnaren.


Både i 2001 og 2003 tok Pavlysj bronsen i kulestøyt i friidretts-VM. I det mellomliggjande 2002 sikra ho seg sølvmedaljen i europameisterskapen.



Doping |


I 1999 mista Pavlysj gullmedaljen ho fekk tildelt i innandørs-VM, etter å ha testa positivt på det forbodne stoffet stanozolol. Ho vart samstundes nekta starte i friidrettstevlingar dei neste to åra. Nær fem år etter ho vart dopingdømd, vann ho kuleøvinga også i Innandørs-VM 2004, men vart atter ein gong hekta for bruk av dopingmiddel. Ho vart då stengd ute frå friidrett på livstid.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 19,61 m, framom Astrid Kumbernuss (19,43 m)


  • VM 1995 i Göteborg: Nr 11 – 17,97 m


  • OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 19,30 m


  • VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 20,66 m, bak Kumbernuss (20,71 m)


  • EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 21,69 m, framom Irina Korzjanenko (19,69 m)


  • VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 19,41 m


  • EM 2002 i München: Sølvmedalje – 20,02 m, bak Korzjanenko (20,64 m)


  • VM 2003 i Paris: Bronsemedalje – 20,08 m, bak Nadzeja Ostaptsjuk (20,12 m)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Vita Pavlysh» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2017.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva