Nord-Noreg

Multi tool use
Multi tool use






Nord-Noreg si plassering i Noreg




Nordnorske spisse fjell og båtar i Lofoten.


Nord-Noreg er ein langstrekt landsdel nord i Noreg. Han dekker fylka Finnmark, Troms og Nordland. Svalbard og Jan Mayen kan òg reknast med til Nord-Noreg. Landsdelen har ei lang kystline, men òg ei vidstrekt vidde i i Finnmark. Fiske og skipsfart har alltid vore viktige i landsdelen, medan mange samar har livnært seg med reindrift.



Innbyggjarar |


Flatevidda av landsdelen er 175 246 km2, noko som nesten er halvparten (45,5 %) av heile Noreg. Likevel bur berre rundt ein av ti nordmenn (10,1%), 465 628, her. Nord-Noreg er dermed prega av lange avstandar og svært spreidd busetjing. Folketettleiken her er berre 2,66/km2, mot landsgjennomsnittet på 14/km2. Etter den andre verdskrigen har sentraliseringa vore sterk, og i den siste halvdelen av nittehundretalet voks det opp fleire nye bysamfunn, som Finnsnes, Alta og Kirkenes.



Turistattraksjon |


Fleire av dei fremste turistmåla i Noreg kan finnast i landsdelen, til dømes Lofoten, midnattssola, polarsirkelen, Polarmuseet i Tromsø, Nordkapp-platået, helleristingane i Alta, verdas påståtte nordlegaste by Hammerfest, og den særeigne tettstaden Longyearbyen aller lengst i nord.



Hurtigruta |


Hurtigruta var lenge hovudframkomstmiddelet i landsdelen, noko som syner igjen ved at
fire hurtigruteskip er blitt kalla opp etter han, som MS (tidlegare DS) Nordnorge. For dei nordnorske innbyggjarane er særleg flytransport blitt eit alternativ til båtreisa, men Hurtigruta er fortsatt viktig for folk som reiser rundt i landsdelen.




























IqFCMkZml0 HtlBvsZgNnc3dF aZp2ex1hywe2 AQTjI,vxmFjYwwgf3i,KhdU1uNiP9VsxBVZFfv7ke
0emJ2MORGpceJuXYZQGYr,NeoztOkXW pL,x3ITN m 055kU 30w

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium