Sør-Noreg valkrins




Sør-Noreg valkrins (nordsamisk: Lulli-Norgga válgabiire, bokmål: Sør-Norge valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg.[1]
Krinsen femner Noreg sørom Sør-Trøndelag, utom kommunane Rindal, Sunndal og Surnadal i Møre og Romsdal fylke og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal i Hedmark fylke, som høyrer til Sørsamisk valkrins.[1]


Krinsen vert også kalla valkrins 7. Til og med Sametingperioden 2005-2009 vart krinsen kalla valkrins 13.


Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførde i manntalet til Sametingsvalet.
I 2005 var det 1 395 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]


Det skal ved valet i 2009 veljast inn fire sametingsrepresentantar frå krinsen.[2][3]
I Sametingsperioden 2009-2013 skal tinget ha til saman 39 representantar.


Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009.
I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[3]
Sør-Noreg valkrins er ved endringa av krinsordninga skoren ned med åtte kommunar mot nord, det gjeld Surnadal, Sunndal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke og Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke.
Desse kommunane er frå valet i 2009 overførde til Sørsamisk valkrins.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Sametingsvalet i 2009


  • 2 Sametingsvalet i 2005


  • 3 Sametingsvalet i 2001


  • 4 Sametingsvalet i 1997


  • 5 Sametingsvalet i 1993


  • 6 Sametingsvalet i 1989


  • 7 Referansar


  • 8 Bakgrunnsstoff





Sametingsvalet i 2009 |


Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2009 i krinsen.[4]



  • Árja

  • Arbeidarpartiet

  • Høgre

  • Norske Samers Riksforbund

  • Samefolkets parti

  • Samer bosatt i Sør-Norge

  • Samenes Folkeforbund



Sametingsvalet i 2005 |


Ved Sametingsvalet i 2005 stilte desse partia og vallistene i krinsen:




  • Arbeidarpartiet[5]


  • Norske Samers Riksforbund[6]


  • Samenes Folkealianse[7]


  • Samefolkets parti[8]


  • Samer bosatt i Sør-Norge[9]


  • Sosialistisk Venstreparti[10]


Det vart innvald fire representantar til Sametinget frå krinsen. Det eine mandatet vat eit utjamningsmandat.


Sametingsrepresentantar for Sør-Norge valkrins i perioden 2005-2009 har vore Rita-Alise Porsanger for Norske Samers Riksforbund, Jørn Are Gaski for Arbeidarpartiet, Johan Mikkel Sara for Samer bosatt i Sør-Norge og Kirsti Guvsám for Norske Samers Riksforbund.[11]



Sametingsvalet i 2001 |


Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2001 i krinsen.




  • Arbeidarpartiet[12]


  • Norske Samers Riksforbund[13]


  • Samefolkets parti[14]


  • Samer bosatt i Sør-Norge[15]


  • Samenes Valgforbund[16]


  • Senterpartiet[17]



Sametingsvalet i 1997 |


Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1997 i krinsen.




  • Arbeidarpartiet[18]


  • Norske Samers Riksforbund[19]


  • Samedemokratene[20]


  • Samenes Valgforbund[21]



Sametingsvalet i 1993 |


Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1993 i krinsen.




  • Arbeidarpartiet[22]


  • Borgerlig fellesliste Sør-Norge[23]


  • Norske Samers Riksforbund[24]


  • Samelista i Sør-Norge[25]



Sametingsvalet i 1989 |


Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1989 i krinsen.




  • Arbeidarpartiet[26]


  • Norske Samers Riksforbund[27]


  • Samenes Folkeallianse[28]



Referansar |





  1. 1,01,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no


  2. 2,02,12,2 Sametingsvalget 2009: «7. Lulli-Norgga válgabiire/Sør-Norge valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen


  3. 3,03,1 «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget


  4. «Sametingsvalget - Her er alle kandidatene» på nettstaden til NRK Sameradioen


  5. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»


  6. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»


  7. «Valgliste for Samenes Folkeallianse i Sør-Norge»


  8. «Valgliste for Samefolkets parti i Sør-Norge»


  9. «Valgliste for Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Norge»


  10. «Valgliste for Sosialistisk Venstreparti i Sør-Norge»


  11. «Representanter og vararepresentanter 2005 - 2009» på nettstaden til Det norske sametinget


  12. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»


  13. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»


  14. «Valgliste for Samefolkets parti i Sør-Norge»


  15. «Valgliste for Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Norge»


  16. «Valgliste for Samenes Valgforbund i Sør-Norge»


  17. «Valgliste for Senterpartiet i Sør-Norge»


  18. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»


  19. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»


  20. «Valgliste for Samedemokratene i Sør-Norge»


  21. «Valgliste for Samenes Valgforbund i Sør-Norge»


  22. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»


  23. «Valgliste for Borgerlig fellesliste Sør-Norge i Sør-Norge»


  24. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»


  25. «Valgliste for Samelista i Sør-Norge i Sør-Norge»


  26. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»


  27. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»


  28. «Valgliste for Samenes Folkeallianse i Sør-Norge»




Bakgrunnsstoff |




  • FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no


  • Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva