Mandal kommune
| Mandal kommune | ||
kommune | ||
| ||
| Land | ||
|---|---|---|
Fylke | Vest-Agder | |
Adm.senter | Mandal | |
| Areal | 222 km² | |
| - land | 212 km² | |
| - vatn | 10 km² | |
| Folketal | 15 659 (1. januar 2018) | |
| Folketettleik | 74 / km² | |
Målform | bokmål | |
Ordførar | Alf Erik Andersen (Frp) | |
Kommunenr. | 1002 | |
Wikimedia Commons: Mandal | ||
Nettstad: www.mandal.kommune.no | ||
Mandal er ein kystkommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest og nordvest mot Lindesnes, i nord mot Marnardal, og i aust mot Søgne.
Mandal fekk som ladestad eige formannskap og kommunalt sjølvstyre i 1837. Kommunen fekk bystatus i 1921. I 1964 vart kommunen slegen saman med Halse og Harkmark og Holum kommunar til Mandal kommune slik han er i 2005.
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Kultur
3 Industri
4 Kjente mandalittar
5 Festivalar
6 Lag og organisasjoner
7 Bakgrunnsstoff
Geografi |
Ei gate i Mandal. (Foto: «Clemenzfranz», 2005)
Mandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Mandalselva deler byen i to før ho renn ut i havet. Ho er rekna som ei av dei beste lakseelvene i Noreg, og ein finn igjen tre laks som motiv i byvåpenet.
Kommunen har mange flotte strender, der Sjøsanden er den best kjente. I tillegg har Mandal ein stor skjergard som er lagt til rette for båtturistar.
Kultur |
Lokalavisa i Mandal heter Lindesnes. Dette er ei lokal tabloidavis.
Mandals fotballag heiter Mandalskameratene. I 2008 spelar dei i 2. divisjon, etter å ha rykt ned frå Adeccoligaen i 2007-sesongen.
I byen ligg ei gammal trekyrkje, bygd i empirestil.
Industri |
Mandal har vore eit sentrum for utvikling og bygging av hurtigbåtar i Noreg frå tidleg på 1950-talet. Det var Toralf Westermoen som starta dette arbeidet. Sidan er det stadig blitt bygd og utvikla nye hurtigbåtkonsept i byen. For tida er Sjøforsvarets nye missiltorpedobåtar av Skjold-klassen under bygging i Mandal. Mandals Motorfabrikk ligg òg i Mandal.
Kjente mandalittar |
Adolph Tidemand (1814–1876), målar
Olaf Isaachsen (1835–1893), målar
Amaldus Nielsen (1838–1932), målar
Johan Jørgen Broch Hagemann (1840–1919), lege
Gustav Vigeland (1869–1943), bilethoggar
Emanuel Vigeland (1875–1948), målar
Ole-Johan Dahl (1931–2002), informatikkprofessor
Michael Grundt Spang (1931–2003), forfattar og journalist
Kari Vinje (f. 1931), barnebokforfattar
Kjell Askildsen (f. 1929), forfattar
Janne Haaland Matlary (f. 1957), professor i internasjonal politikk ved universitetet i Oslo og katolsk rådgjevar
Helene Bøksle (f. 1981), artist
Festivalar |
Skalldyrfestivalen, Festival for sjømat andre helga i august kvart år
Lag og organisasjoner |
- Mandal Motorbåtforening
Solgløtt, laivforening
Mandalskameratene, fotballag i 2. divisjon
Bakgrunnsstoff |
- Mandal kommune
- Webkamera fra elvepromenaden i Mandal
- Fædrelandsvennens Mandalsnyheter
Kultur i Mandal på kart frå Kulturnett.no
Kommunar i Vest-Agder | ||
|---|---|---|
| ||
Koordinatar:
|