Øvre Schlesien






Kart over Øvre Schlesien 1746


Øvre Schlesien (tsjekkisk Horní Slezsko; tysk Oberschlesien; tysk schlesisk: Oberschläsing, latinsk Silesia Superior; polsk Górny Śląsk; polsk schlesisk: Gůrny Ślůnsk) er den søraustlege delen av den historiske og geografiske regionen Schlesien. Nedre Schlesien ligg i nordvest. Gjennom historia har Øvre Schlesien vore underlagt Polen, og vore ein del av Det tysk-romerske riket gjennom Böhmen, Austerrike, Preussen og seinare ein del av Det tyske keisardømet. I dag er regionen delt mellom Polen (Opole og Schlesiske voivodskap) og Tsjekkia (Tsjekkiske Schlesien eller regionen Mähren-Schlesien).


Øvre Schlesien ligg i Det schlesiske høglandet mellom øvre Oder og øvre Wisła. I Øvre Schlesien industriområde bur det om lag 3,5 millionar innbyggjarar.


Opole Schlesien, Cieszyn Schlesien og Austerriksk Schlesien er historiske delar av Øvre Schlesien. Opole Schlesien dannar i dag det meste av Opole-voivodskapet.



Bakgrunnsstoff |



  • Schlesisk sjølvstyrerørsle

  • Schlesisk digitalt bibliotek



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Upper Silesia» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2008.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva