Canberra
Canberra | |
---|---|
Parlamentet i Canberra. | |
Styresmakter | |
Land | Australia |
Grunnlagd | 1913 |
Geografi | |
Flatevidd - By | 814,2 km² |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik | 351.868 482.6/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Tidssone | UTC +10 (UTC10) |
Plassering | |
Canberra er hovudstaden i Australia. Byen har om lag 352 000 innbyggjarar (2009) og er den sjuande største i landet. Han ligg i det føderale området Australian Capital Territory (ACT), midt mellom storbyane Sydney og Melbourne.
Canberra blei grunnlagd ved byrjinga av 1900-talet, då Australia blei samla til eitt land. Han er den einaste større byen i landet som ikkje ligg ved kysten, og har difor hatt mindre industri- og handelsutvikling enn andre byar.
Innhaldsliste
1 Kommunikasjon
2 Ambassadar
3 Universitet
4 Kjelder
Kommunikasjon |
Byen har ein internasjonal flyplass, Canberra International Airport.
Ambassadar |
Utanlandske ambassadar i Australia ligg hovudsakleg i Cabverraforstadene Yarralumla, Deakin og O'Malley. Ambassadeområdet i Yarralumla er ein turistattraksjon fordi mange av bygga er laga i stilar frå landa dei representerer.
Universitet |
Canberra har to universitet, Australian National University og Canberra University, to religiøse høgskolar og fleire militærhøgskular.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Canberra
Kjelder |
- Svensk Wikipedia
Dansk Wikipedia
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|