Sogndal kommune




Koordinatar: 61°14′N 7°5′E
































































Sogndal kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane


Adm.senter

Sogndalsfjøra

Areal
746 km²
 - land
737 km²
 - vatn
9 km²

Folketal
8 059 (1. januar 2018)
Folketettleik

11 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar

Jarle Aarvoll (Ap)


Kommunenr.
1420




NO 1420 Sogndal.svg




Wikimedia Commons: Sogndal

Nettstad: www.sogndal.kommune.no




Bilete frå Sogndal ca. 1898-1900 tatt av fotograf Nils O. Reppen frå Reppen i Sogndalsdalen. Oksekjerra tilhøyrer Ingebrigt Nes som sit bak. Foran han sit Nils Hove, kjent som "Gamle-Nils". Tilhøyrer Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Sogndal er ein kommune i Sogn og Fjordane. Han ligg langt inne i Sognefjorden og grensar til Luster i nord og aust, Lærdal i sør over fjorden, Leikanger i sør og vest og til Balestrand i nordvest. Folk frå Sogndalsfjøra kallar seg sogndøler, medan dei som er busette i Fjærland ofte kallar seg fjærlendingar, folk i Norane nører og folk på Kaupanger kaupingar.


Innbyggjartalet er fordelt på Sogndal (rundt 5000) og Kaupanger (rundt 1500), samt Fjærland (rundt 300).


I tillegg til å vera ei fotballbygd (SIL) blir Sogndal kalla «Saftbygda» - mellom anna kallar supporterlaget til SIL seg for Saftkokaradn. Dette mykje på grunn av Lerum Fabrikker som har avdelingar i bygda. I tillegg til fotballproffar fostrar Sogndal òg Idol-deltakarar. I den tredje omgangen av den norske versjonen av Idol i 2004, deltok Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.




Innhaldsliste






  • 1 Regionsenter og skulestad


  • 2 Tettstader


  • 3 Verd å vitja


  • 4 Folketalsutvikling


  • 5 Kjende personar frå Sogndal


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Regionsenter og skulestad |




Sogndal sett frå Åberge.


Sogndal vert rekna som regionsenteret for Sogn.


Hovudadministrasjonen til Høgskulen i Sogn og Fjordane ligg i Sogndal, med nær 2000 studentar. Her ligg òg Sogndal vidaregåande skule.



Tettstader |



  • Kaupanger

  • Kjørnes

  • Sogndalsfjøra



Verd å vitja |




  • Kaupanger stavkyrkje er ei av dei eldste i Noreg.

  • Norsk Bremuseum

  • Den norske bokbyen



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Sogndal kommune frå 1920:



























1.12.1920[1]
1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3]
1.1.1961[3]
1.1.1971[3]
1.1.1981[3]
1.1.1991[3]
1.1.2001[3]
1.1.2010[3]
3430ab
3353ab
3661ab
3749ab
3899ab
4474a
5506a
5970a
6647
7035



aTalet omfattar ikkje Fjærland sokn, som var del av Balestrand kommune fram til det vart overført til Sogndal i 2000. Dette området hadde då 288 innbyggjarar


bTalet omfattar ikkje Tingstad allmenning, som var del av Leikanger kommune fram til 1964, då det vart overført til Songdal kommune. Dette området hadde då 5 innbyggjarar.



Kjende personar frå Sogndal |




  • Gjest Bårdsen, meistertjuv, utbrytarkonge og forfattar


  • Eva Weel Skram, songar


  • Terje Bakken, songar


  • Tone Damli Aaberge, songar


  • Liv Signe Navarsete, politikar og leiar i Senterpartiet


  • Olav Stedje, songar


  • Ola Lillevangstu, friidrettsmann (fleire gonger finaledeltakar i NM)



Kjelder |





  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,13,23,33,43,53,6 Folkemengd i Sogndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad

Arkiv frå Sogndal - registrerte i Arkivportalen.no



  • Privatarkiv

  • Statlege arkiv



















Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva