Tønsberg
















































Tønsberg

by

FrodeaasenSettFraSIV.jpg

Tønsberg sett frå sjukehuset, med Frodeåsen i bakgrunnen.

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Vestfold

Kommune

Tønsberg

Areal
26,35 km²

Folketal
51 571 (2017)
Folketettleik

1 957 / km²


Innbyggjarnamn
tønsbergensar
Preposisjon

i Tønsberg


Wikimedia Commons: Tønsberg (city)


Tønsberg er ein by og administrasjonssenteret i Tønsberg kommune i Vestfold. Tønsberg utgjer eit samanhengande tettbygd område i og omkring den historiske byen Tønsberg, med ein folkemasse på 51 571 innbyggjarar per 1. januar 2017. Tettstaden ligg innan kommunane Tønsberg og Nøtterøy.


Gjennom byen går Vestfoldbanen med hyppige avgangar mot Oslo. Utanfor bysenteret går gamle E18 stort sett på Raet. Ny firefelts motorveg vart oppført i 2014 på innsida av Raet. Frå denne vegen fører fylkesveg 308 frå Gullikrysset inn til bysenteret og vidare til Nøtterøy og Tjøme. Tønsberg hamn har stor aktivitet og hadde i 2005 over 1 250 anløp med ei varemengd på 250 000 tonn. Tønsberg gjestehavn har 250 plassar. Byen er ein av dei største gjestehamnene i Noreg i sommarmånadene.




Innhaldsliste






  • 1 Historikk og kultur


    • 1.1 Ruinar


    • 1.2 Byggverk




  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder





Historikk og kultur |


Tønsberg er ein av Noregs eldste byar, grunnlagt 871. Fram til 1671 var Tønsberg den einaste byen i Vestfold. Byen blei opphavleg lagt til like nedanfor det 63 meter høge Slottsfjellet ned mot Byfjorden. I dette området finn ein ruinar av fleire kyrkjer, St. Olavs kloster og ein kongsgard frå 1200-talet. Byen hadde si storheitstid i mellomalderen. I Noreg er Tønsberg, Trondheim, Bergen, Stavanger, Sarpsborg og Oslo mellomalderbyar. I 1201 blei Tunsberghus festning beleira av kong Sverre og til slutt oppgitt av baglarane. I seinmellomalderen var Tønsberg ein av landets tre hansabyar (ved sidan av Bergen og Oslo). Posisjonen til byen blei svekka etter svartedauden, og nedgangen blei forsterka av plyndringa og brenninga av Tunsberghus i 1503 og ein svært øydeleggande bybrann i 1536. Særleg etter reformasjonen mista Tønsberg mykje status. Men byen fekk gradvis eit nytt økonomisk oppsving, på 1700-talet blei det bygd saltverk på Valløy, og særleg frå midten av 1800-talet, da skipsfarten sette sitt preg på byen. Frå slutten av hundreåret også sel- og kvalfangst, som blei starta av Svend Foyn. Barndomsheimen hans frå 1750 i Nedre Langgate 18 er freda. Det same gjelder bustaden hans frå omkring 1700 i Storgaten 54 og Svend Foyns arbeiderboliger frå 1857 til 1870, som nå er eit leiegardsanlegg. Kaldnes Mek. Verksted, åpnet i 1899, førte til ytterlegare vekst og utvikling. Under den første verdskrigen var inntekter frå skipsfarten viktig, og i mellomkrigstida betydde kvalfangsten i Sørishavet mykje for den økonomiske situasjonen til Tønsberg. I byen kjem dagsavisa Tønsbergs Blad ut, som i 2015 hadde eit opplag på 19 475.



Ruinar |


Slottsfjellet har ruinar av Tunsberghus og restar av Mikaelskyrkja. Eit tretårn frå 1856 på Slottsfjellet brann ned i 1874. I 1888 blei det nye tårnet innvigd. Tårnet som er Tønsbergs viktigaste ikon, symboliserer tilknytinga Slottsfjellsområdet har til mellomalderen. På Haugar er det gravhaugar som skal vera reist over Harald Hårfagres to sonar Olav og Sigurd. I Storgaten er det ruinar etter Olavskyrkja, ein gong den største rundkyrkja i Norden.



Byggverk |


Søraust for Haugar ligg det gamle rådhuset Gunnarsbø. Det nåverande rådhuset til Tønsberg ligg aust for Slottsfjellet ved jernbanestasjonen. Tønsberg domkyrkje er ei langkyrkje i nygotisk stil frå 1858, bygd i upussa raud teglstein og teikna av arkitekten Christian Heinrich Grosch. Domkyrkja blei oppført på den tidligere Lavranskirkens grunn.


Ved foten av Slottsfjellet ligg Slottsfjellsmuseet IKS, som med tida vil bli eit sentralt mellomaldermuseum der historie til byen og Vestfold blir sett i samanheng med nasjonale og internasjonale interesser.




Sjå òg |



  • Tettstader i Vestfold

  • Tønsberg kommune



Kjelder |



  • «Tønsberg» i Store norske leksikon, snl.no.

    Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva