Beograd
Београд | |||
---|---|---|---|
Andre namn | Tidlegare Belgrad ungarsk Belgrád, latin Singidunum | ||
Luftfoto av Beograd | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Distrikt | Serbia Sentral-Serbia Beograd by | ||
Grunnlagd Byrettar | 260 f.Kr. 150 e.Kr. | ||
Borgarmeister | Siniša Mali | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Urbant | 3222,68 km² 359,96 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2009) - Byområde | 1 670 000 1 281 801 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 117 m | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 11000 | ||
Telefon-retningsnummer | (+381) 11 | ||
Bilnummer | BG | ||
Nettstad: www.beograd.rs |
Beograd er hovudstad og største by i Serbia. Byen ligg der Sava munnar ut i Donau, og der Den pannoniske sletta og Balkanfjella. Beograd har om lag 1,67 millionar innbyggjarar (2007).[2] Han er òg den fjerde største byen i Søraust-Europa etter Istanbul, Aten og Bucuresti.
Beograd har status som ei eiga eining i Serbia med eit sjølvstyrt bystyre.[3] Byområdet er delt inn i 17 kommunar, som kvart har sitt eige kommunestyret.[4] Byområdet dekkjer 3,6 % av Serbia og 24 % av alle innbyggjarane i landet lever her.[5] Beograd er det økonomiske senteret i Serbia og hovudstaden for serbisk kultur, utdanning og vitskap.
Namnet til byen er sett saman av to delar: Beo- kjem av belo og betyr kvit, hrád er slavisk for borg.
I Beograd sit ein serbisk-ortodoks patriark og ein romersk-katolsk erkebiskop.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Kommunar
3 Kultur
4 Kjende personar frå Beograd
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Beograd er ein av dei eldste byane i Europa med arkeologiske spor som går tilbake til 500-talet f.Kr.,[6] Byen vart oppdaga av grekarar,[7] og grunnlagd av keltarar.[8] Han fekk byrettar av romarane[9] før han vart permanent busett av serbarar frå 600-talet og framover. Med den strategiske plasseringa har byen vorte kjempa om over 140 gonger sidan antikken.[10] I mellomalderen høyrte han til Austromarriket, Frankarriket, Kongedømet Ungarn og serbiske herskarar. I 1521 vart Beograd erobra av Det osmanske riket og vart sete for Pashaluken Beograd, som den viktigaste osmanske byen i Europa[11] og av dei største europeiske byane.[12] Serbarane fekk igjen kontroll over byen i 1841 etter den serbiske revolusjonen. Det nordlege Beograd vart likevel verande ein austerriksk utpost fram til Austerrike-Ungarn braut saman i 1918. Den samla byen vart då hovudstad i fleire utgåver av Jugoslavia, fram til 2006, då Serbia igjen vart ein eigen sjølvstendig stat. Etter dette har byen opplevd stor kulturell og økonomisk vekst.[13][14]
Kommunar |
Namn | Areal (km²) | Folketal (1991) | Folketal (2002) | Status | |
---|---|---|---|---|---|
Barajevo | 213 | 20 846 | 24 641 | Forstad | |
Čukarica | 156 | 150 257 | 168 508 | By | |
Grocka | 289 | 65 735 | 75 466 | Forstad | |
Lazarevac | 384 | 57 848 | 58 511 | Forstad | |
Mladenovac | 339 | 54 517 | 52 490 | Forstad | |
Novi Beograd | 41 | 218 633 | 217 773 | By | |
Obrenovac | 411 | 67 654 | 70 975 | Forstad | |
Palilula | 451 | 150 208 | 155 902 | By | |
Rakovica | 31 | 96 300 | 99 000 | By | |
Savski Venac | 14 | 45 961 | 42 505 | By | |
Sopot | 271 | 19 977 | 20 390 | Forstad | |
Stari Grad | 5 | 68 552 | 55 543 | By | |
Surčin | 285 | Del av Zemun til 2004 | 55 000 (est.) | Forstad | |
Vozdovac | 148 | 156 373 | 151 768 | By | |
Vračar | 3 | 67 438 | 58 386 | By | |
Zemun | 154 | 176 158 | 136 645 | By | |
Zvezdara | 32 | 135 694 | 132 621 | By | |
TOTAL | 3227 | 1 552 151 | 1 576 124 | ||
Kjelde: Statistical Office of the Republic of Serbia |
Kultur |
Beograd ligg sentralt til og er derfor eit av dei travlaste transportknutepunkta i Europa. Byen er kjent for å vere den mest livlege i regionen og ber på utrykket «der alt skjer». Beograd har eit livleg nattelivet og mange kjem hit i helgene.
Beograd vart kåra som framtida sin europeisk by i Aust-Europa av Foreign Direct Investment. I ei undersøking har òg The New York Times kåra Beograd til ein av dei beste europeiske hovudstadane.
Kjende personar frå Beograd |
Ivo Andrić, forfattar
Zoran Đinđić, politikar
Boris Tadić, politikar
Nikola Tesla, oppfinnar
Kjelder |
Delar av denne artikkelen bygger på «Belgrade» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ http://web.archive.org/web/20111007084751/https://zis.beograd.gov.rs/upload/G_2009S.pdf (serbisk)
↑ Statistički godišnjak Beograda (PDF), Zavod za informatiku i statistiku Grada Beograda, 2007, s. 64
↑ Assembly of the City of Belgrade, Official website, henta 21. mars 2009
↑ Urban Municipalities, Official website, henta 2007-07-10
↑ 2005 Municipal indicators of Republic of Serbia, Statistical Office of the Republic of Serbia, henta 2007-05-17
↑ Discover Belgrade; Beograd, hovudstad
↑ http://p104.ezboard.com/Skordiski/fistorijabalkanafrm27.showMessage?topicID=209.topic
↑ http://www.qtours.dk/index.php?option=com_content&task=view&id=54&Itemid=97
↑ The City in Late Antiquity av John Rich
↑ http://www.timesonline.co.uk/tol/travel/holiday_type/music_and_travel/article4385812.ece
↑ http://www.belgradenet.com/belgrade_history_middle_ages.html
↑ http://www.beograd.rs/cms/view.php?id=201251
↑ http://www.beobuild.rs/projects.php
↑ http://www.fdimagazine.com/news/fullstory.php/aid/1543/
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Beograd
- Offisiell nettstad
- Belgrade Inside Out
Donau | |
---|---|
Land | Tyskland · Austerrike · Slovakia · Ungarn · Kroatia · Serbia · Romania · Bulgaria · Ukraina · Moldova |
Byar | Donaueschingen · Ulm · Ingolstadt · Regensburg · Passau · Linz · Wien · Bratislava · Győr · Komárno · Esztergom · Budapest · Baja · Vukovar · Ilok · Bačka Palanka · Novi Sad · Beograd · Smederevo · Drobeta-Turnu Severin · Vidin · Ruse · Brăila · Galaţi · Tulcea |
Sideelvar | Iller · Lech · Regen · Isar · Inn · Enns · Morava · Rába · Váh · Hron · Ipeľ · Drava · Tisza · Sava · Timiş · Velika Morava · Jiu · Iskar · Olt · Osam · Jantra · Vedea · Argeş · Ialomiţa · Siret · Prut |
|