Universitetsmuseet i Bergen






Ei støtte av Wilhelm Frimann Koren Christie står framfor Universitetsmuseet i Bergen, bygningen for dei naturhistoriske samlingane (Naturhistorisk museum). Bygningen er ved Johan Henrik Nebelong.




Bygningen for dei kulturhistoriske samlingane (Historisk museum).


Universitetsmuseet i Bergen, som frå 30. september 2011 er namnet på den institusjonen som til dess heitte Bergen Museum, opphavleg Bergens Museum, vart stifta i 1825. Alt fra starten av vart det teke sikte på å byggja opp eit naturhistorisk og kulturhistorisk museum som famna vidt. Museet var grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946, og har sidan vore ein del av universitetet.


Museet har to bygningar på Nygårdshøyden sentralt i Bergen by, og eit arboret (det vil seie eit område tilplanta med tre frå ulike land og klimasoner) med ein botanisk hage i landlege omgjevnader på Milde sørvest i Bergen kommune.




Innhaldsliste






  • 1 Avdelingar


    • 1.1 Dei kulturhistoriske samlingane


    • 1.2 Dei naturhistoriske samlingane


    • 1.3 Arboretet




  • 2 Historie


  • 3 Bakgrunnsstoff





Avdelingar |



Dei kulturhistoriske samlingane |


Dei kulturhistoriske samlingane, som tidlegare vart kalla «Historisk museum» og held til i ein bygning frå 1927, teikna av bergensarkitekten Egill Reimers, tek føre seg etnografisk, arkeologisk og kunst- og kulturhistorisk materiale, og har mellom anna ei av Noregs viktigaste samlingar av kyrkjekunst frå mellomalderen. Seksjon for ytre kulturminnevern ved Dei kulturhistoriske samlingane har forvaltingsansvaret for fornminna i dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, og for Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke, og står for arkeologiske utgravingar og granskingar.


Den arkeologiske mellomaldersamlinga ved Bryggens Museum i Bergen høyrer òg til Universitetsmuseet i Bergen.



Dei naturhistoriske samlingane |


Dei naturhistoriske samlingane, som tidlegare vart kalla «Naturhistorisk museum», femner om samlingar innanfor geologi, zoologi og botanikk, og held til i ein bygning frå 1865, teikna av den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong frå København, og med planter og tre i ein hage og eit veksthus attmed denne bygningen.



Arboretet |




Botanisk hage i Bergen.


Arboretet og Botanisk hage på Milde sørvest i Bergen kommune er òg ein del av Universitetsmuseet i Bergen. Her er det samla planter og tre frå Noreg, Europa og andre område, og mellom anna laga til ein vidgjeten rhododenronhage.



Historie |


Bergens Museum vart grunnlagt i 1825 med stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) som ein av grunnleggjarane. Christie tronar i dag på støtta si på Muséplass på Nygårdshøyden, der han ser ned mot sentrum av byen. Med sin sosiale posisjon og entusiasme var Christie viktig for å skapa gjevarglede og godvilje for det nye museet. I dei første åra hadde muséet fysisk tilhaldsstad i leigde lokaler i den gamle Realskolebygning eller Seminarium Fredericianum på Asylplassen. Denne bygningen eksisterar fortsatt.


I 1931 gjekk muséet til innkjøp av ei gammal trebygning som hadde tilhøyrd justitiarius Klagenberg ved Lille Lungegårdsvann. Denne trebygningen kan derav reknast som Noreg si første muséumsbygning. Etter dette vart det i 1840 tilført eit nybygg i mur til den gamle trebygningen, som derav kan reknast som det første muséumsbygg i Noreg som er bygd spesielt til dette føremålet. Nybygget vart teikna av stadskonduktør Ole P. Hoegh. Ingen av desse husa står i dag.


Dei store museumsbygga, slik dei framleis står i dag, vart reiste i løpet av 1860-åra. Allereie på denne tida vart det tala om at museet skulle arbeida for «... opprettelsen av en vitenskapelig høyskole for Vestlandet i Bergen».



Bakgrunnsstoff |



  • Nettstaden til Universitetsmuseet i Bergen

  • Den engelskspråklege nettstaden til Universitetsmuseet i Bergen

  • Nettstaden Arkeologen, Bergen Museum, Universitetet i Bergen.

  • Arkeologisk hovudkatalog, Universitetsmuseet i Bergen (Bergen museum)

  • Universitetsmuseet i Bergen, arkeologiske registreringar: Per Fett: «Førhistoriske minne på Vestlandet»





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva