Tyssedal
Tyssedal | |
tettstad | |
Tyssedal sett frå hi sida av Sørfjorden Foto: | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Hordaland |
Kommune | Odda |
Areal | 0,61 km² |
Folketal | 639 (2017) |
Folketettleik | 1 048 / km² |
Postnummer | 5770 TYSSEDAL |
Innbyggjarnamn | tyssedøl |
Preposisjon | i Tyssedal |
Wikimedia Commons: Tyssedal | |
Tyssedal er ein tettstad i Odda kommune, i Hardanger. Tettstaden ligg 6 km nord for Odda sentrum, ved riksveg 13 mot Brimnes. I 2004 budde det 719 innbyggjarar i denne typiske industristaden. Staden ligg mellom Sørfjorden i Hardanger og Hardangervidda.
Tyssedal er ein typisk einsidig industristad, ilmenittsmelteverket Tinfos Titan & Iron (TTI) ligg i Tyssedal. Industrien kom til Tyssedal og Odda på byrjinga av 1900-talet på grunn av lett tilgjengeleg vasskraft. I 1906 starta arbeidet med å byggja Tysso I kraftstasjon i Tyssedal, for å levera straum til fabrikkane i Odda.
Tidlegare låg det eit aluminiumssmelteverk på industritomta. Dokumentarfilmen «Hvem eier Tyssedal?» frå 1975 handlar om arbeidarane sin kamp mot nedlegging av hjørnesteinsbedrifta.
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling i Tyssedal | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1910 | 167 | |||
1920 | 1 124 | |||
1930 | 1 555 | |||
1946 | 1 402 | |||
1950 | 1 432 | |||
1960 | 1 269 | |||
1970 | 1 264 | |||
1980 | 1 020 | |||
1990 | 813 | |||
2000 | 746 | |||
2009 | 681 | |||
2012 | 653 | |||
Kjelder:
|
Bakgrunnsstoff |
- Tyssedal informasjonssider
- Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal og Odda
- Tyssefaldene, kraftselskap i Tyssedal
- Tyssedal Hotell
|