Waitemata Harbour






Waitemata Harbour.




Brua Auckland Harbour Bridge kryssar hamna




Ei av dei skogkledde strendene som er typiske for hamna, her austenden av Herne Bay, sør i Waitemata.


Waitemata Harbour (Waitematahamna), ei naturleg hamn med ei flatevidde på om lag 180 km2 (70 kvadratmiles)[1], er hovudsjøfartsåra inn til Auckland på New Zealand. Ho bind saman byen og hamneområda med Haurakigolfen, og såleis òg med Stillehavet, og hamna ligg i ly for stormar frå Stillehavet bak øyene Rangitoto Island og Waiheke Island.


Av denne grunn vert hamna ofte omtala som Auckland Harbour, sjølv om ho i røynda berre er ei av to hamner som omkransar byen. Waitemata dannar kystlinjene i nord og aust på Aucklandeidet. Mot sør og vest ligg det grunnare farvatnet i hamna Manukau Harbour.


Namnet kjem frå māorispråk, der Wai te Mataa viser til vulkansk glas. «Gneistrande vatn» (ei seinare omsetjing av uttrykket)[1] viser til det same, og kjem av at māoriane tykte vatnet i hamna glitra som vulkansk glas, noko desse tidlege innbyggjarane kring hamna verdsette svært høgt.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Geologi


  • 3 Panorama


  • 4 Referansar


  • 5 Kjelde





Geografi |




Satellittbilete av Auckland, Waitemata Harbour og Manukau Harbour


Hamna er ein arm av Haurakigolfen, og ho strekkjer seg 18 kilometer vestover frå enden av sundet Rangitoto Channel. Munningrn ligg mellom North Head i nord og Bastion Point i sør. Den vestlege avgrensinga til hamna strekkjer seg forbi Whenuapai i nordvest til Te Atatu i vest, og dannar også ein estuararm som vert kalla Whau River i sørvest.


Den nordlege avgrensinga til hamna vert danna av North Shore City, ein av fleire separate byar innanfor Aucklandområdet. Forstadar som ligg inntil hamna på nordsida er m.a. Birkenhead, Northcote og Devonport (frå vest mot aust).


Mot sør ligg sentrum i Auckland City med strandlinja Auckland waterfront, i tillegg forstader langs kysten som Mission Bay, Parnell, Herne Bay og Point Chevalier (frå aust mot vest), den sistnemnde ligg på ei stutt, trekanta halvøy som stikk ut i hamna.


Over den smalaste delen av hamna går brua Auckland Harbour Bridge. Aust for sørenden til brua ligg marinaene i Westhaven og forstadane Freemans Bay og Viaduct Basin. Austanfor desse att, og nærare innløpet til Waitemata, ligg hamneområda Port of Auckland.


Det er fleire bryggjeanlegg og hamner i Waitemata, dei mest kjende er marinebasen Devonport Naval Base, med den tilliggjande dumpeplassen for ammunisjon ved Kauri Point, Birkenhead, og hamneanlegget som opphavleg vart bygd til sukkerraffineriet Chelsea Sugar Refinery, som er djupvasshamner i stand til å ta mot skip på over 500 BRT. Mindre hamneanlegg ved Birkenhead, Northcote, Devonport og West Harbour har ferjesamband over til Auckland City.



Geologi |


Hamna er i røynda eit overfløymd område av tidlegare elvedalar som vart gravne ut i marine sediment frå miocentida. Strendene har vore sterkt påverka av tidevatn, særleg nord og vest i hamna. Mudderflater overvaksne med mangrove er det mykje av under slike vekstvilkår, og saltmarskland er også typisk.[1]



Panorama |




Waitemata Harbour ved soleglad, tatt mellom strendene St Heliers og Kohimarama, med utsyn over mot Mount Victoria (til venstre) og North Head (til høgre).




Waitemata Harbour med Sky Tower og Mount Eden (bak Sky Tower) i midten, sett frå North Shore City, mellom Bayswater Marina (til venstre) og Auckland Harbour Bridge (til høgre utanfor biletet).



Referansar |




  1. 1,01,11,2 Waitemata Harbour (frå Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand)


  2. Informasjonsplakat ved Princes Wharf, 2007



Kjelde |


Engelsk Wikipedia om Waitemata Harbour





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva