Film frå saltmarsjen leia av Gandhi som eit ledd i den indiske frigjeringsrørsla.
Spel av media
Film om Quit India-kampanjen.
Den indiske frigjeringsrørsla omfattar ulike grupper, leiarar og ideologiar knytt til lausrivinga av Britisk India frå Det britiske imperiet. Rørsla byrja som eit forsøk på å oppnå meir sjølvstyre for indarar, men utvikla seg til å gjera krav på sjølvstende, og enda med delinga av kolonien og opprettinga av Pakistan og India i midten av august 1947. Ulike verkemiddel, frå valdeleg opprør til ikkje-valdelege strategiar som boikottar og sivil ulydnad, blei tekne i brukt under kampen. Rørsla hadde også mykje å seia for gjenreisinga av indisk kultur etter anglifiseringa av delar av det indiske samfunnet.
Den best kjende personen frå frigjeringsrørsla er truleg Mahatma Gandhi, som utvikla livshaldninga si satyagraha som framtredande leiar av fridomsrørsla. Andre kjende namn er Jinnah og Nehru, dei to første leiarane av Pakistan og India.
Innhaldsliste
1Viktige hendingar knytt til sjølvstendekampen
2Viktige personar i sjølvstenderørsla
3Bakgrunnsstoff
4Kjelder
Viktige hendingar knytt til sjølvstendekampen |
Det indiske opprøret i 1857 («Sepoyopprøret»)
Skipinga av Den indiske nasjonalkongressen (seinare Kongresspartiet) i 1885
Skipinga av Muslim League i 1906
Skipinga av All India Home Rule League i 1916
Amritsarmassakren i 1919
Saltmarsjen (Salt-satyagraha) i 1930
Quit India-kampanjen som byrja i 1942
Delinga av Britisk India i 1947
Viktige personar i sjølvstenderørsla |
Sir Pherozeshah Mehta (1845-1915)
Lokmanya Tilak (1857-1920)
Gopal Krishna Gokhale (1866-1915)
Motilal Nehru (1861-1931)
Sri Aurobindo (1872-1950)
Sarojini Naidu (1879-1949)
Mahatma Gandhi (1869-1948)
Jawaharlal Nehru (1889-1964)
Mohammed Ali Jinnah (1876-1948)
Sardar Vallabhbhai Patel (1875-1950)
Subhas Chandra Bose (1897-1946) protysk
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Den indiske frigjeringsrørsla
Timeline of Indian Independence Movement (engelsk) ved kamat.org
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Indiens självständighetsrörelse» frå Wikipedia på svensk, den 25. mars 2014.
Timeline of Indian Independence Movement (engelsk) ved kamat.org
Home Rule League, britannica.com
Denne historieartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...