Time kommune


































































Time kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Rogaland


Adm.senter

Bryne

Areal
183 km²
 - land
171 km²
 - vatn
12 km²

Folketal
18 699 (1. januar 2018)
Folketettleik

109 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Reinert Kverneland (H)


Kommunenr.
1121




NO 1121 Time.svg




Wikimedia Commons: Time, Norway

Nettstad: www.time.kommune.no


Time kommune ligg på Midt-Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sandnes i nord, i aust til Gjesdal og Bjerkreim, i vest til Klepp og i sør til Hå. Kommunen har stort sett hatt dei same grensene sidan 1838. I 1970 og 1989 vart to mindre område overførte til Gjesdal.


Administrasjonssenter i Time er Bryne. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Klepp.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv


  • 3 Samferdsle


  • 4 Kultur


    • 4.1 Kommunenamn og -våpen




  • 5 Kjende folk frå Time


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Frøylandsvatnet


Time har i aust og vest to ulike landskapsformer. Jærsk, flatt landskap pregar dei vestlege områda med store jordbruksareal. I aust hevar landskapet seg og går over til meir kupert heilandskap. Det høgste punktet i Time er Bruskanuten på 430 moh.


Busetnaden i Time er konsentrert kring tettstadene. Kommunesenteret Bryne har 11 961 innbyggjarar per 1. januar 2017. Av andre tettstader kan nemnast Lyefjell med 2 285 innbyggjarar per 1. januar 2017, Undheim med 521 innbyggjarar per 1. januar 2017 og Kvernaland med 7 269 innbyggjarar per 1. januar 2017 der over halvparten av innbyggjarane bur i nabokommunen Klepp.



Næringsliv |


Av kommunearealet på 182 km² er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Landbruket og husdyrhaldet er viktig i Time, med mellom anna hønse-, saue-, storfe- og svinehald. Industrien sysselset trass i dette kring dobbelt så mange.



Samferdsle |


Sørlandsbanen går gjennom Time og det er eit fabrikksidespor til Kvernaland. Rv44 går vest for Frøylandsvatnet til Sandnes og Stavanger. Aust for Frøylandsvatnet går Fv505 Mellemstrand-Undheim–Kvernaland–Ganddal. Fv506 går frå Bryne austover til Ålgård og Fv504 til Bue der han går inn i E39.



Kultur |




Sommarstova til forfattaren Arne Garborg




Bryne Mølle er tusenårsstaden til kommunen


Kommunen og soknet er kalla opp etter garden Time, der Time kyrkje ligg. Kommunen kom til i samband med formannskapslovene i 1837. På Undheim ligg Time bygdemuseum, med mellom anna Fotland kraftstasjon som no er vasskraftmuseum, og husmannsplassen Træe. I tillegg har Kverneland fabrikker bedriftsmuseum. På Lyngaland er det ein gard frå jarnalderen.


Arne Garborg (1851–1924) var fødd i Time. Både barndomsheimen hans, Garborgheimen, og diktarstova og sommarhuset Knudaheio er begge karakteristiske jærhus og er tilgjengelege for publikum som ei avdeling av Time bygdemuseum. I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Det vil vera eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft.


Tusenårsstaden til kommunen er Bryne Mølle. Mølla er saman med kulturhuset Storstova det regionale kulturhuset i Jæren. Tusenårstreet vart planta ved kyrkjegarden ved Time kyrkje.



Kommunenamn og -våpen |


Namnet Time stammar frå norrønt Þímin. Fyrste leddet kan ha samanheng med angelsaksisk Þínan, 'bli våt', eller norrønt þiðr, 'isfri', og siktar til myrlendt terreng. Sisteleddet tyder vin, 'eng'. Ein person frå Time blir kalla timebu.


Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1977. Motivet er på raud botn ei sølv vipa med utslådde venger. Vipa står som symbol for optimisme og førehandstru.



Kjende folk frå Time |




  • Mauritz Kartevold (1833-1921), urmakar, geolog og filosof


  • Arne Garborg (1851-1924), forfattar


  • Sem Sæland (1874-1940), fysikar, høgskule- og universitetsrektor


  • Jon Lende-Njaa (1882-1927), vitskapsmann


  • Fritz Røed (1928-2002), bilethoggar og kunstnar


  • Sølve Grotmol (1939-2010), journalist


  • Alf-Inge Håland, (fødd 1972) fotballspelar


  • Ragnvald Soma (fødd 1979), fotballspelar


  • Geir Zahl (fødd 1975), musikar i Kaizers Orchestra


  • Janove Ottesen (fødd 1975), musikar i Kaizers Orchestra



Kjelder |



  • Allkunne «Time kommune, Rogaland»


  • «Time – kommune» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |



  • Time kommune


  • Vêrvarsel for Time - yr.no









Koordinatar: 58°44′10.9″N 5°39′10.6″E





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva