Gunnar er eit mannsnamn som var særs populært i Noreg på 1920- og 1930-talet. Opphavet er norrønt, der 'gunn' er eit ord for strid, medan endinga -ar er avleidd av harjaR, som tyder 'krigar' eller 'hærførar'. Gunnar har namnedag den 9. januar i Noreg og Sverige.
Variantar av namnet er Gunner og Gunder. Det kan òg vera avleidd frå dei gammalhøgtyske orda gund og heri med same tyding som dei norrøne. På tysk finn ein dette namnet som Günther.
Runestein i Småland, reist for Gunnar son av Hroði av sonen Gunnkell.
Motstandsmannen Gunnar Sønsteby.
Foto: Arne Flaaten
Innhaldsliste
1Bruk
2Namneberarar
3Kjelder
3.1Fotnotar
4Bakgrunnsstoff
Bruk |
Gunnarr er blant dei ti vanlegaste mannsnamna funne i nordiske runeinnskrifter frå norrøn tid, og namnet var derfor truleg utbreidd i Norden på denne tida. Det funne 56 runeinnskrifter med dette namnet. Av desse er fire funne i Noreg, Bohuslän og Jämtland. Den vanlegaste skrivemåten for namnet var ᚲᚢᚾᚨᚱ (kunar).[1]
Gunnar var blant dei mest brukte namna for nyfødde gutar i Noreg i tida mellom rundt 1900 og rundt 1955.
Namneberarar |
Forfattaren Gunnar Staalesen.
Foto: Nina Aldin Thune
Gunnar Knudsen, (1848–1928), norsk statsminister
Gunnar Heiberg (1857–1929), norsk forfattar
Gunnar Berg (1863–1893), norsk biletkunstnar
Gunnar Andersen (1890-1968), norsk fotballspelar og skihoppar
Gunnar Myrdal (1898–1987), svensk økonom og politikar
Gunnar Ekelöf (1907–1968), svensk forfattar,
Gunnar Sønsteby (1918-2012), norsk motstandsmann under andre verdskrigen
Gunnar Aasland (f. 1936), norsk jurist og høgsterettsdommar
Gunnar Berge (f. 1940), norsk politikar, tidlegare finansminister og kommunalminister
Gunnar Hansen (f. 1947), islandsk-amerikansk filmskodespelar
Gunnar Staalesen (f. 1947), norsk forfattar
Gunnar Pettersen (f. 1955), norsk handballtrenar
Gunnar Bovim (f. 1960), norsk medisinprofessor, rektor ved NTNU frå 2013.
Gunnar Wærness (f. 1971), norsk diktar
Gunnar Eggen (f. 1946), norsk travtrenar og kusk
Kjelder |
Delar av denne artikkelen bygger på «Gunnar» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2009.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...