Nøtt






Hasselnøtter


Ei nøtt er ein plantedel som er eitt eller fleire frø i eit skal.
Mange nøtter vert nytta i matlaging. Den kulinariske definisjonen av ei nøtt er mykje breiare enn den botaniske.




Innhaldsliste






  • 1 Botanisk definisjon


  • 2 Kulinarisk definisjon og bruksområde


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Botanisk definisjon |


Ei nøtt innan botanikken er ei enkel turr frukt med eitt frø (stundom to) der ovarieveggen eller delar av han vert veldig hard (steinaktig eller treaktig) ved mogning.


Dei fleste nøtter kjem frå griflar med underutvikla eggstokkar (sjå blomar) og er alle indehiscente (opnar seg ikkje når dei vert mogne). Eigentlege nøtter vert laga av planter i gruppa Fagales.


Merk at ikkje alle eigentlege nøtter kan etast; nokre (til dømes bjørk, or, agnbøk og vengenøtt) er for små til å kunne etast, medan andre (som bruneik) er for bitre til å vere etelege.



Kulinarisk definisjon og bruksområde |


Ei nøtt innan matlaging er ein mykje mindre restriktiv kategori enn ei nøtt innan botanikken. Omgrepet vert nytta (eller misbrukt avhengig av perspektiv) på mange frø som ikkje er ekte nøtter. Alle oljete kjernar i eit skal og som blir nytta i matlaging kan ein sjå på som ei nøtt.


Då nøtter generelt har eit høgt oljeinnhald, vert dei høgt verdsette som mat og energikjelde. Mange frø kan etast av menneske og vert nytta innan matlaging, enten etne rå, som spire eller rist som ein snack. Dei kan òg pressast for olje som vert nytta i matlaging og kosmetikk.





Kastanjer


Nokre frukter og frø som er nøtter i den kulinariske definisjonen men ikkje innan den botaniske definisjonen:




  • Mandel er det etelege frøet av ei steinfrukt, det lêraktige fruktkjøttet vert fjerna ved innhausting.


  • Paranøtter er frø frå ein fruktkapsel.


  • Cashewnøtter er frø.


  • Chilenske hasselnøtter (Gevuina) er frø.


  • Kokosnøtt er ei turr, fiberaktig steinfrukt.


  • Makadamianøtter er frø.


  • Peanøtt er ei belgfrukt og eit frø.


  • Pistasjenøtta er frøet av ei steinfrukt med eit tynt skal.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Nøtt» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2008.












































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva