Ivan Thoralf Koss Rosenqvist
Ivan Thoralf Koss Rosenqvist | |
Fødd | 17. mai 1916 Wien |
Død | 8. oktober 1994 |
Yrke | professor, mineralog |
Ivan Thoralf Koss Rosenqvist (fødd 17. mai 1916 i Wien i Austerrike, død 8. oktober 1994 i Oslo) var ein norsk geolog.
Han tok doktorgrad i 1945 og var forskingsleiar ved Noregs geotekniske institutt frå 1952 til 1960. Frå 1965 til 1984 var han professor i mineralogi og geologi ved Universitetet i Oslo. Han gjorde mellom anna forskingsarbeid om leire og opptaket i jordsmonnet av sur nedbør.
Kjelder |
«Ivan_Thoralf_Koss_Rosenqvist» i Store norske leksikon, snl.no.
|