Schalke 04




Fußballclub Gelsenkirchen-Schalke 04 e. V., til dagleg omtala som Schalke 04 eller Schalke er eit idrettslag i Gelsenkirchen i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Laget vart, som namnet tyder, stifta i 1904 i Schalke-området av Gelsenkirchen. Idrettslaget Schalke 04 har over 119 000 medlemer, og er det laget i Tyskland med nest flest medlemer.


Fotballklubben Schalke, den mest kjende avdelinga i idrettslaget, spelar i Bundesliga, den øvste divisjonen i tysk fotball. Klubben nådde eit førebels høgdepunkt då det i 1997 vart siger i UEFA-cupen. Etter de to finaleoppgjera stod det 1-1 mellom det tyske laget og Inter, men Schalke sigra i straffeskytinga. FC Schalke hadde si stordomstid i perioden 1934 til 1958, då klubben vann sju tyske/vesttyske seriemeisterskap. Schalke har vunne fem nasjonale cupmeisterskap, det siste i 2011.


Sidan 2001 spelar Schalke heimekampane på Veltins-Arena, med pass til over over 61 600 tilskodarar. Laget spelar i blå trøyer og kvite bukser. Hovudrivalen til Schalke 04 er Borussia Dortmund; kampar mellom dei to Ruhr-klubbane er dei mest omtala lokaloppgjera i tysk fotball og går under nemninga Revierderby.


Medlemer av Schalke 04 er også aktive i idrettsgreiner som basketball, friidrett og handball.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «FC Schalke 04» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2013.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva