Petra Mede

















Petra Mede

Petra Mede.jpg

Fødd
7. mars 1970
Stockholm, Högalid
Yrke
programleiar, komikar, journalist, dansar

Petra Mede på Commons



Petre Mede ynskjer velkomen til den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013.


Petra Maria Mede (fødd 7. mars 1970 i Stockholm) er ein svensk komikar, dansar og programleiar.[1] I 2009 vart ho røysta fram som den beste kvinnelege komikaren i Sverige.




Innhaldsliste






  • 1 Eurovision


    • 1.1 Melodifestivalen 2009


    • 1.2 Eurovision Song Contest 2013


    • 1.3 Eurovision Song Contest's Greatest Hits


    • 1.4 Melodifestivalen 2016


    • 1.5 Eurovision Song Contest 2016




  • 2 Kjelder


    • 2.1 Fotnotar







Eurovision |



Melodifestivalen 2009 |


I 2009 var Mede programleiar for Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland.[2]



Eurovision Song Contest 2013 |


28. januar 2013 vart det annonsert at Mede ville vere programleiar for Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[3][4] Ho var den fyrste sidan 1995 som leia tevlinga aleine, om ein ser vekk ifrå at Eric Saade var green room-programleiar i finalen.



Eurovision Song Contest's Greatest Hits |


Saman med Graham Norton leia Mede Eurovision Song Contest's Greatest Hits i London i Storbritannia.[5] Konserten fann stad 31. mars 2015 og vart til for å feire 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest.



Melodifestivalen 2016 |


Mede vil leie den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2016, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, saman med Gina Dirawi.[6]



Eurovision Song Contest 2016 |


14. desember 2015 vart det kjend at Mede og vinnaren av Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, Måns Zelmerlöw, vil leie Eurovision Song Contest 2016.[7] Mede vil verte den tredje personen som leiar tevlinga meir enn éin gong, og den fyrste som leiar tevlinga att sidan 1974.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Petra Mede» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2013 k.



Fotnotar |





  1. ↑ «Hon blir ny programledare | Melodifestivalen | Nöjesbladet | Aftonbladet» (engelsk). Aftonbladet. 18. desember 2008. Henta 15. februar 2013. 


  2. ↑ «Petra Mede fick ledas av scenen | Melodifestivalen | Nöjesbladet | Aftonbladet» (svensk). Aftonbladet. Henta 15. februar 2013. 


  3. ↑ «Petra Mede leder schlager-EM» (svensk). SvD Kultur. 28. januar 2013. Henta 15. februar 2013. 


  4. ↑ «Petra Mede to host Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). Eurovision.tv. 28. januar 2013. Henta 15. februar 2013. 


  5. ↑ Martinsson (17. juni 2015). «Petra Mede aktuell för Eurovision-jubileum» (svensk). Göteborgs-Posten. Henta 14. desember 2015. 


  6. ↑ Källman (17. november 2015). «Gina Dirawi och stjärngänget: Här är programledarna för Melodifestivalen 2016» (svensk). Sveriges Television. Henta 14. desember 2015. 


  7. ↑ Jordan (14. desember 2015). «Petra Mede and Måns Zelmerlöw to host in Stockholm!» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 14. desember 2015. 




































Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Riksmekleren