Ian Stewart












































Ian Stewart

Ian Stewart and Billy Preston with The Rolling Stones (1975).jpg

Fødenamn Ian Andrew Robert Stewart
Opphav
Pittenweem i Fife i Skottland
Fødd 18. juli 1938
Pittenweem
Død

12. desember 1985
London


Instrument

Piano, orgel, marimba


Sjanger
Rock, Boogie-woogie
Aktive år 1960-åra – 1985
Yrke
Musikar
Turnemanager
Tilknytte artistar
Rolling Stones, Rocket 88

Ian Andrew Robert Stewart (18. juli 1938–12. desember 1985) var ein skotsk pianist og organist og ein av dei opphavlege medlemmane av The Rolling Stones. Han måtte forlate bandet alt i mai 1963 fordi manageren meinte han hadde ein utsjånad som ikkje høvde seg for eit tenåringsband. Stewart heldt likevel fram å spele for dei som pianist og arbeidde for dei som turnemanager til han døydde. For dette vart han rekna som den «sjette Rolling Stone»,[1] sjølv om han ikkje var offisielt medlem og vart rekna som viktig for bandet både musikalsk og personleg. Dei mest kjende bidraga hans til Stones er songar som «Let It Bleed», «Brown Sugar», «Dead Flowers», «Sweet Virginia» og «Honky Tonk Women».


Stewarthar òg spelt for andre artistar som Led Zeppelin på «Rock and Roll»[2] og «Boogie With Stu»,[3] der Stu er den som Led Zeppelin song om.[4]


Mot slutten av 1970-åra og starten av 1980-åra danna Stewart eit boogie-woogie jazz-band, Rocket 88, saman med Charlie Watts på trommer, Alexis Korner på gitar og Jack Bruce på bass.


Stewart døydde av hjarteattakk den 12. desember 1985 med han sat på venterommet til legen.[5]


Etter at Stewart døydde sa Mick Jagger: «Eg vil verkeleg sakne han. Stu var den einaste fyren vi prøvde å tilfredsstille. Vi ville at han skulle akseptere songane me lagde og spelte. Vi ville at han skulle like det.»



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ian Stewart» frå Wikipedia på dansk, og «Ian Stewart» frå Wikipedia på engelsk den 15. februar 2009.

    • Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:





  1. Ian Stewart


  2. Rock and Roll Lyrics - Led Zeppelin


  3. Led Zeppelin - Boogie With Stu Lyrics


  4. The Led Zeppelin FAQ


  5. IAN STEWART, 47, DIES: HELPED FOUND 'STONES' - New York Times

































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva