Bogø











































Bogø

Den nordlege hamna på Bogø
Den nordlege hamna på Bogø
Geografi



Stad
Austersjøen, like vest for Møn
Koordinatar
54°55′33″N 12°02′24″E





Areal 13,07 km²





Høgaste punkt Kathøj (32 moh.)



Administrasjon
Land
Danmark
Region
Region Sjælland





Demografi
Folketal 1 071 (2005)
Folketettleik 82 /km²



Bevart mølle


Bogø er ei dansk øy, like vest for Møn. Øya er om lag 7 km lang og 3 km brei og har eit totalt areal på 13 km². Folketalet er like over 1 000, og 700 av desse bur i den største tettstaden Bogø by. Det høgaste punktet på øya er Kathøj på 32 meter.




Bøgøferja Ida til Falster


Vest for Bogø ligg ei mindre øy, Farø, der motorvegen E47/E55 frå København til dei store øyane Lolland og Falster går. Motorvegane held vidare fram til Tyskland med ferje. Bogø er forbunde med veifylling til både Farø og Møn, og har ein av hovudvegane til Møn. I januar 2007 gjekk øya over til den nye Region Sjælland etter å ha vore ein del av Møn kommune tidlegare.


Øya har eit variert landskap, inkludert skogområde og tradisjonelle landsbyar. Øya var lenge kongefamilien sin eigedom, men i 1769 vart øya lagd ut for sal, og kjøpt av øybuarane for 18 456 rigsdaler. For å kunne betale dette måtte øybuarane kutte ned mykje av skogen på øya og dyrke mark i staden.



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bogø frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?