Tor Åge Bringsværd

























Tor Åge Bringsværd

Tor Åge Bringsværd 2 @ Oslo bokfestival 2011.jpg
Tor Åge Bringsværd
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Fødd
16. november 1939
Skien
Yrke
skodespelforfattar, redaktør, omsetjar, skribent, science fiction-forfattar, manusforfattar
Språk
norsk
Ektefelle
Else Færden

Tor Åge Bringsværd på Commons

Tor Åge Bringsværd (fødd 16. november 1939) er ein norsk forfattar frå Skien, som særleg saman med Jon Bing var fyrst til å skriva norsk science fiction. Han har òg skrive historiske forteljingar, mellom anna inspirerte av krosstoga, legender og norrøne myter. Verka hans er gjerne leikne og fantasifulle.




Innhaldsliste






  • 1 Bing og Bringsværd


  • 2 Forfattarstil


  • 3 Mennesket Bringsværd


  • 4 Utgjevingar


    • 4.1 Romanar


    • 4.2 Novellesamlingar


    • 4.3 Biletbøker


    • 4.4 Reiseskildringar




  • 5 Prisar og utmerkingar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Bing og Bringsværd |


Bringsværd har arbeidd mykje saman med Jon Bing, gjerne under namnet «Bing og Bringsværd». Saman er dei er opphavsmenn til ordet fabelprosa, som han nyttar om skjønnlitteraturen han skriv. Omgrepet tek opp i seg både science fiction og fantastiske forteljingar. I 1967 debuterte dei begge med Rundt solen i ring.


Året etter kom Bringsværd ut med Probok, si eia samling med science fiction-noveller. Samlinga markerte i større grad den samfunnskritiske sida i høve til kva han fekk fram i Rundt solen i ring. Samfunnskritikk kunne ein spora der òg. At han gav ut boka åleine kan nok tyda at dette var noveller som Bringsværd personleg syntest han kunne stå sterkt for. Bing har klart innverka mykje på skriveprosessen. I starten av boka står det «Til Jon – Selvfølgelig». Dei har arbeidd mykje saman, eller som Bringsværd skriv på sin nettstad «Jon Bing og jeg har lekt sammen (nesten) hver tirsdag siden 1966.»


Saman har dei to laga det som kanskje er den einaste norske science fiction-produksjonen for film eller fjernsyn, nemleg fjernsynsserien Blindpassasjer.



Forfattarstil |


Bringsværd har ein spesiell skrivestil. I fleire noveller hopper han vekk frå historia og skildrar noko som tilsynelatande ikkje har noko å gjera med resten av historia. Brått kan han finna på å hoppa inn i eit radioprogram eller eit oppslag i eit leksikon. Han har til og med skrive heile noveller som er utforma som oppslagsverk eller filmmanus.


Verka hans inkluderer titlar som; Bazar, Gobi-serien, Apachepikene farer frem over sletten. Blondt hår. Vinden., og Pudder? Pudder! I tillegg har han vore aktiv i den norske Brumm-foreningen.



Mennesket Bringsværd |


Bringsværd reknar seg som anarkist og det er kanskje ikkje utan grunn at han har vald science fiction som ein av sine sjangrar. Mange av bøkene hans har eit kritisk blikk på bioteknologi og måten me forvaltar naturen vår på.



Utgjevingar |



Romanar |



  • 1970 - Bazar

  • 1974 - Den som har begge beina på jorda står stille

  • 1976 - Syvsoverskens dystre frokost

  • 1978 - Pinocchio-papirene

  • 1980 - Minotauros

  • 1983 - Ker Shus

  • 1985 - Gobi. Barndommens måne

  • 1987 - Gobi. Djengis Khan

  • 1989 - Gobi. Djevelens skinn og ben

  • 1994 - Gobi. Min prins

  • 1996 - Den enøyde

  • 1997 - Gobi. Baghdad

  • 2001 - Pudder? Pudder! eller: Sleeping Beauty in the Valley of the Wild, Wild Pigs

  • 2005 - WEB

  • 2013 - Ikke fordi den har et svar, men fordi den har en sang



Novellesamlingar |



  • 1967 - Rundt solen i ring

  • 1968 - Probok

  • 2004 - Oslo 2084



Biletbøker |



  • 1973 - Ruffen, sjøormen som ikke kunne svømme

  • 1975 - Ruffen på nye eventyr

  • 1982 - Ruffen og den flyvende hollender

  • 2006 - Når to skal rydde



Reiseskildringar |


  • 2003 - London


Prisar og utmerkingar |



  • 1974: Gyldendals legat

  • 1978: Rivertonprisen saman med Jon Bing for fjernsynsserien Blindpassasjer

  • 1979: Aschehougprisen saman med Ernst Orvil.

  • 1985: Den norske Kritikerprisen for litteratur for Gobi. Barndommens måne

  • 1986: Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris

  • 1986: Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for hans samla barne- og ungdomsbøker

  • 1988: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Gobi. Djengis Khan

  • 1990: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Gobi. Djevelens skinn og ben

  • 1994: Riksmålsforbundets litteraturpris

  • 1994: Doublougprisen saman med Inger Elisabeth Hansen

  • 1999: Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris

  • 1999: Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl

  • 2000: Ibsenprisen for samla dramatisk forfattarskap

  • 2009: Heidersprisen under Brageprisen

  • 2010: Bringsværd vart tildelt Norsk kulturråds ærespris



Bakgrunnsstoff |



  • Tor Åge Bringsværd si heimeside

  • Utgjevingar av Tor Åge Bringsværd i BIBSYS Ask





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva