Sitrusslekta




For frukter frå sitrusslekta, sjå sitrusfrukt.




















Sitrusslekta

Orangess.jpg

Appelsintre med frukt


Vitskapleg namn

Citrus





Utbreiing







Utbreiing: Opphavleg tropisk og subtropisk søraustlege Asia


Systematikk

Rike: Plantae

Rosidae

Orden: Sapindales

Familie: Rutefamilien




Sitrusslekta (Citrus) er ei planteslekt i rutefamilien som særleg er kjend for sine mange sitrusfrukter. Medan ho stammar frå tropisk Asia, blir plantar frå slekta no dyrka i ei rekkje varme land.


Slekta omfattar buskar og mindre tre. Blada er oftast heile, lêraktige, skinande grøne og sit på ein ofte vinga bladstilk. Blomane er kvite eller raudlege, velluktande og har mange pollenberarar som sit i grupper. Frukta er eit saftig bær med tjukt skal, mange rom («båter») og ofte mange frø. Plantane har mange oljekjertlar i blad, bark og fruktskal.


Dyrkinga av sitrusartar er mange tusen år gammal, og det har derfor vore svært vanskeleg å utreia avstamninga for dei dyrka formene.



Artar |


Sitrusslekta har ei rekkje medlemmer, mange av dei hybridar mellom ulike typar. Nokre av det ein reknar som ublanda artar er:




  • Citrus crenatifolia, frå Sri Lanka


  • Citrus mangshanensis, frå Hunan i Kina


  • Citrus maxima – pomelo, frå Malayarkipelet


  • Citrus medica – sukatsitron, frå Sør-Asia


  • Citrus reticulata – mandarin, frå Kina


  • Citrus trifoliata, frå Korea og tilstøytande område i Kina (ofte skild ut som Poncirus)

  • «Australian limes» frå Australia og Ny-Guinea

    • Citrus australasica

    • Citrus australis

    • Citrus glauca

    • Citrus garrawayae

    • Citrus gracilis

    • Citrus inodora

    • Citrus warburgiana

    • Citrus wintersii

    • Clymenia sp.




  • Citrus japonica, kumquat, frå Aust-Asia (av og til skild ut til 4–5 Fortunella-artar)


  • Papedas


    • Citrus halimii frå Thailand og Malayahalvøya


    • Citrus indica frå Sør-Asia[1]


    • Citrus macroptera frå Indokina og Melanesia[1]


    • Citrus latipes frå Assam, Meghalaya, Burma[1]





Kjelder |





  1. 1,01,11,2 GRIN. «Species list in GRIN for genus Citrus». Taxonomy for Plants. National Germplasm Resources Laboratory, Beltsville, Maryland: USDA, ARS, National Genetic Resources Program. Henta Jan 6, 2011. 



  • «Citrus» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 13. juli 2015.



  • Denne artikkelen bygger på «Sitrusslekta» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2015.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva