Karin
Karin er eit kvinnenamn, ei kortform av Katarina, som kjem frå gresk katharos 'rein' eller 'kysk'. Det blir også stava Carin, Caryn og Karyn.
Karen og Karina er nærskylde variantar av namnet.
Karin har norsk og svensk namnedag den 2. august.
Innhaldsliste
1 Bruk
1.1 Kjende namneberarar
2 Bakgrunnsstoff
3 Kjelder
Bruk |
Namnet Karin har tradisjonelt vore særs vanleg i Tyskland og i Sverige, der det har vore i bruk sidan midten av 1400-talet. Ved byrjinga av 2006 hadde totalt 170 229 personer i Sverige namnet.
Karin er også utbreidd i Noreg, med 13 388 namneberarar i 2012 (SSB). Det var mest brukt i tidsrommet 1935-1945, då det blei gjeve til rundt 1,7 % av alle nyfødde jenter.
Kjende namneberarar |
Karin Månsdotter, svensk dronning
Karin Magdalena Bergquist, svensk forfattar
Karin Bang, norsk forfattar
Karin Boye, svensk forfattar
Karin Dreijer, svensk musikar
Anne Karin Elstad (f. 1938), norsk forfattar
Karin Fossum (f. 1954), norsk forfattar
Karin Glenmark, svensk musikar
Karin Krog (f. 1937), norsk jazzsongar
Karin Larsson-Bergöö, svensk kunstnar, gift med Carl Larsson
Karin Lyberg, svensk forfattar
Karin Rehnqvist, svensk komponist
Karin Sveen (f. 1949), norsk forfattar
Bakgrunnsstoff |
- Norsk namnestatistikk for Karin hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder |
- «Karin» på Svensk Wikipedia
- SSB