Øya Nyord







































Nyord

Nyord port 2005 october.jpg
Geografi



Stad Austersjøen mellom Møn og Sjælland
Koordinatar
55°3′N 12°13′E





Areal 4,99 km²







Administrasjon
Land
Danmark
Kommune
Vordingborg kommune





Demografi
Folketal 50 (2005)
Folketettleik 10 /km²

Nyord er ei lita øy nord for Møn med eit areal på 4,99 km². Sidan 1968 har øya vore landfast med Møn via ei demning og ei låg bru. Nyord Enge aust på øya er kjend som eit av dei beste fugleområda i Danmark.


I 1900 var innbyggjartalet i den litle landsbyen vest på øya om lag 360, men i dag er det berre 50 igjen (2005).


Då øya i 1845 vart eit sjølvstendig sokn vart det òg bygd ei kyrkje, ein særprega åttekanta bygning av arkitekt Otto M. Glahn med Frederiksberg kyrkje som førebilete. Kyrkja fekk i 1983 eit Demant-orgel frå 1870. Orgelet kom frå Pårup kyrkje ved Odense på Fyn.


Under svenskekrigane var øya mellom anna tilfluktsstad for Svend Gjønge og folka hans før dei vart sendt bort av lensmann Christoffer Lindenow, som frykta svenskane si overmakt.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Nyord» frå Wikipedia på dansk, den 9. desember 2017.





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?