1965












< 1965 >




1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967






















1965 var eit år i 1960-åra.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde





Hendingar |



Utlandet |




Amerikanske bombefly over Vietnam.




  • 1. februar: Martin Luther King jr. og 300 andre menneskerettsforkjemparar blei arresterte i Alabama i USA


  • 18. februar: Gambia vann sjølvstende frå Storbritannia.


  • 2. mars: I Vietnamkrigen innleia USA regulære krigshandlingar mot Nord-Vietnam med massiv bombing av militære mål.


  • 18. mars: Den sovjetiske kosmonauten Aleksej Leonov gjennomførte som den første ein gåtur i verdsrommet.


  • 12. mai: Ein syklon herja Aust-Pakistan (dagens Bangladesh). 12 000 blei drepne og over 5 millionar huslause.


  • 26. mai: Det amerikanske senatet vedtok røysterett for alle borgarar, uansett rase.


  • 19. juni: Houari Boumedienne tok makta ved statskupp i Algerie.


  • 26. juli: Maldivane fekk sjølvstende


  • 2. september: Pakistanste styrkar gjekk inn i indisk-kontrollert Kashmir.


  • 6. september: Indiske styrkar marsjerte mot Lahore. Pakistan erklærte krig mot India.


  • 22. september: Pakistan og India blei einige om våpenkvile.


  • 25. november: Joseph-Désiré Mobutu tok makta ved statskupp i Kongo.


  • 11. november: Sør-Rhodesia erklærte sjølvstende frå Storbritannia. Landet blei anerkjend som Zimbabwe i 1980


  • 15. desember: Ein ny syklon ramma Aust-Pakistan. 10 000 døydde.


  • 30. desember: Ferdinand Marcos blei president av Filippinane.



Noreg |




  • 10. mars: Ei avtale vart inngått mellom Noreg og Storbritannia om deling av kontinentalsokkelen i Nordsjøen. Sokkelen skulle delast etter ei line midt mellom landa, det såkalla midtlineprinsippet.


  • 19. mars: «Loven om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner» (Militærnekterloven) blei vedteken.


  • 5. juni: Dei første nordnorske festspela opna i Harstad.


  • 21. juni: Stortinget vedtok lov om folkepensjon


  • 3. august: Eit måleri av Kjartan Slettemark med brodd mot den amerikanske krigføringa i Vietnam blei angripen av ein mann med øks i Oslo.


  • 18. august: Fyrste konsesjonsrunde for norsk kontinentalsokkel. 22 utvinningsløyver for utvinning av petroleum på norsk kontinentalsokkel vart tildelt.


  • 13. september: Stortingsvalet gav borgarleg fleirtal.


  • 12. oktober: Bortenregjeringa vart danna. Den første ikkje-sosialistiskee regjeringa etter andre verdskrig vart danna av Sp, H, Krf og V med Senterpartileiaren Per Borten som statsminister.



Fødde |




Joanne Rowling vart fødd 31. juli


Sjå òg Fødde i 1965.



  • 15. januar: Karita Bekkemellem, norsk politikar


  • 3. februar: Marjo Matikainen-Kallström, finsk langrennar og politikar


  • 25. mars: Stefka Kostadinova, bulgarsk friidrettsutøvar


  • 6. mai: Jan Tore Sanner, norsk politikar


  • 1. juni: Larisa Lazutina, russisk langrennar


  • 6. juni: Erik Fosnes Hansen, norsk forfattar


  • 17. juni: Dan Jansen, USA-amerikansk skeiseløpar


  • 1. juli: Harald Zwart, norsk filmregissør


  • 24. juli: Merete Morken Andersen, norsk forfattar


  • 31. juli: J.K. Rowling, britisk forfattar


  • 4. august: Fredrik Reinfeldt, svensk statsminister


  • 27. august: André N. Skjelstad, norsk politikar


  • 28.: Olav Akselsen, norsk politikar


  • 11. september: Bashar al-Assad, syrisk president


  • 14. september: Dmitrij Medvedev, russisk president


  • 25. september: Børge Brende, norsk politikar


  • 21. november: Björk, islandsk musikar


  • 3. desember: Katarina Witt, tysk skeiseløpar



Døde |


Sjå òg Døde i 1965.




Malcolm X.




  • 4. januar: T.S. Eliot, britisk forfattar


  • 11. januar: Arne Bjørndal, norsk kulturhistorikar


  • 24. januar: Winston Churchill, britisk politikar og nobelprisvinnar


  • 1. februar: Johan Scharffenberg, norsk psykiater og politikar


  • 21. februar: Malcolm X, amerikansk afro-amerikansk aktivist (drepen)


  • 3. mars: Per Krohg, norsk målar


  • 3. juni: Hjalmar Riiser-Larsen, norsk offiser i Luftforsvaret


  • 12. juni: Edgar B. Schieldrop, norsk ingeniør


  • 19. juli: Rhee Syngman, koreansk statsleiar


  • 6. august: Aksel Sandemose, norsk forfattar


  • 27. august: Le Corbusier, sveitsisk arkitekt


  • 10. desember: Lars Christensen, norsk skipsreiar


  • 12. desember: Halvdan Koht, norsk professor og politikar


  • 13. desember: Jens Hundseid, norsk politikar og statminister


  • 16. desember: Somerset Maugham, britisk forfattar


  • 28. desember: Aslaug Vaa, norsk forfattar



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva