Kviterussland




[endre]






























































Рэспу́бліка Белару́сь
Respublika Belarus

(norsk: Kviterussland, kviterussisk)














Det kviterussiske flagget

Det kviterussiske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«My Belarusy»
Motto
Ikkje noko

Geografisk plassering av Kviterussland

Offisielle språk

Kviterussisk og Russisk

Hovudstad

Minsk

Styresett

President
Statsminister


Republikk
Aljaksandar Lukasjenka
Andrej Kabjakow

Flatevidd
 – Totalt
 
207 600 km² (85.)

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
9 549 747 (92.)
46 /km² (135.)

Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Sovjetunionen
27. juli 1990
25. august 1991

Nasjonaldag

3. juli

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
168 200 mill. USD (67.)
18 600 USD (71.)

Valuta

Kviterussisk rubel

Tidssone

UTC +3

Telefonkode
+375

Toppnivådomene
.by




Kviterussland er ein republikk i Aust-Europa som grensar til Latvia i nord, Litauen i nordvest, Russland i aust, Polen i vest og til Ukraina i sør.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Topografi


    • 1.2 Klima




  • 2 Demografi


  • 3 Historie


  • 4 Politikk


  • 5 Administrativ inndeling


    • 5.1 Voblastar


    • 5.2 Byar







Geografi |



For meir om dette emnet, sjå kviterussisk geografi.



Topografi |


Kviterussland er omgitt av land, er relativt flatt og inneheld store område med myrlendt landskap, innsjøar og elvar. Det største myrområdet er Polesie, som er eit av dei største myrområda i Europa. Det finst 11 000 innsjøar og vatn i Kviterussland, men dei fleste er mindre 0,5 kvadratkilometer. Tre store elvar renn gjennom landet, Nemunas, Pripjat og Dnepr. Det høgaste punktet i Kviterussland er Dziarzjynskaja med 345 meter, og det lågaste punktet er Nemunas med 90 meter.


I lag med Polen deler Kviterussland Białowieżaskogen (Belaveskaja pusjtsja på kviterussisk), som er restane av urskogen som ein gong dekte heile Det nordeuropeiske låglandet.



Klima |


Kviterussland har eit fuktig kontinentalklima, som er mykje det same som klimaet i Litauen og nordlege delar av Ukraina. Vinteren er kald over heile landet, av og til iskald når kaldluft strøymer sørvestover frå Sibir, og snødekket ligg store delar av vinteren som varer mellom 105 og 145 dagar. Middeltemperaturen i januar er -6 °C. Sommarane er derimot milde, og av og til kan ein få varme dagar i juli og august. Middeltemperaturen i juli er om lag 18 °C. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Den årlege nedbørsnormalen varierer mellom 550 og 700 mm.



Demografi |


Folketalet er omtrent 10 millionar og er fordelt på 79 % kviterussarar, 12% russarar, 4 % polakkar, 2 % ukrainarar og 1% jødar. Omtrentleg 80 % av folkesetnaden er ortodokse kristne.



Historie |


På 800-talet var området busett av stammar med baltisk og slavisk avstamming og desse vart seinare ein del av Kievriket. Da Kievriket vart oppløyst vart seinare området ein del av Litauen og deretter Polen-Litauen. I 1795 vart Kviterussland ein del av tsarveldet i Russland. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Kviterussland sjølvstendig i ein kort periode innan det vart ein del av Sovjetunionen. Kviterussland vart sjølvstendig i 1991 da Sovjetunionen vart oppløyst. Etter at Aljaksandar Lukasjenka vart president i 1994 har Kviterussland atter vendt seg mot Russland. Lukasjenka har innført eit autoritært styre, med undertrykking av opposisjonen. Det har nesten ikkje blitt gjennomført økonomiske reformer, og den kviterussiske økonomien er totalt avhengig av billig gass frå Russland.



Politikk |


Kviterussland er ein republikk styrt av ein president og har ei nasjonalforsamling med to kammer. Nasjonalforsamlinga blir vald kvart fjerde år. Til det øvre kammeret veljer dei regionale styresmaktene 56 representantar, medan presidenten utnemner dei siste åtte. I det lågare kammeret blir alle dei 110 representantane valde av folket. Alle kviterussarar som har fylt 18 år har røysterett. Ifølgje Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa har ikkje dei siste vala i Kviterussland tilfredsstilt internasjonal standard, og landet blir i Vesten ofte karakterisert som det siste diktaturet i Europa.



Administrativ inndeling |



Voblastar |


Kviterussland er inndelt i seks voblastar.



  • Brest voblast

  • Homel voblast

  • Hrodna voblast

  • Mahiljow voblast

  • Minsk voblast

  • Vitsebsk voblast



Byar |



  • Minsk

  • Brest

  • Homel

  • Hrodna

  • Mahiljow

  • Vitebsk

  • Vorsja

  • Pinsk




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kviterussland









Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva