Gjelsvikfjella
Gjelsvikfjella | |
fjellkjede | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Dronning Maud Land |
- koordinatar | |
Høgaste punkt | Risemedet |
- høgd | 2 705 moh |
Lengd | 50 km |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Gjelsvikfjella (Antarktis) | |
Wikimedia Commons: Gjelsvikfjella | |
Gjelsvikfjella er ei fjellkjede mellom H. U. Sverdrupfjella og Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis.[1] Ho er kring 50 km lang. Risemedet er det høgaste punktet i desse fjella med ei høgd på 2705 meter over havet. Dette fjellet markerer òg austenden av fjella.
Gjelsvikfjella vart først fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Dei vart kartlagdee i detalj av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–52) og frå flyfoto av den norske ekspedisjonen (1958–59). Dei vart kalla opp etter Tore Gjelsvik, direktør i Norsk Polarinstitutt.[1]
Sjå òg |
- Aust-Antarktis-fjella
- Historia til Antarktis
- Antarktiskekspedisjonar
Kjelder |
↑ 1,01,1 «Gjelsvikfjella». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 22. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff |
- Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR)
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gjelsvikfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).
|