Trygve Bratteli
|
|
Fødd |
11. januar 1910 Nøtterøy
|
Død |
20. november 1984 Oslo
|
Trygve Bratteli på Commons
|
Grava til Trygve og kona Randi Bratteli på Vestre gravlund i Oslo
Trygve Bratteli (11. januar 1910–20. november 1984) var ein norsk politikar som representerte Det norske Arbeidarpartiet. Han var statsminister frå 1971 til 1972 og frå 1973 til 1976.
Bratteli var fødd på Nøtterøy i Vestfold. Etter folkeskulen var han delvis arbeidslaus, delvis visargut til 1926, og han deltok på kvalfangst i åra 1926 til 1927. Han arbeidde som bygningsarbeidar i Vestfold fylke og hadde fleire tillitsverv i AUF i åra frå 1928 til 1933.
I 1934 var Bratteli redaktør av avisa Folkets Frihet i Kirkenes, og ei tid redaktør av Arbeiderungdommen, og sekretær i AUF til 1940. "24. og 25. august 1940 holdt AUF landsstyremøte. Trygve Bratteli skrev den politiske uttalelsen. Den var en bekjennelse til nasjonal frihet og uavhengighet og til demokratiske idealer – frie valg, trykke- og talefrihet. Det ble slått fast at “et styre av Quisling og hans folk vil være en utfordring og en ydmykelse av det norske folk”. – Arbeiderbladet [nåværande Dagsavisen ] slo AUF-uttalelsen stort opp. Fra dagen etter ble avisen nektet å komme ut", skriver Norsk Biografisk Leksikon.[1]
I åra 1940-42 arbeidde Trygve Bratteli som tømmermann i Kristiansund.
Han vart arrestert av den tyske okkupasjonsmakta i 1942. Han vart halden som Nacht und Nebel-fange i konsentrasjonsleirar frå 1943 til 1945, i Sachsenhausen ved Oranienburg nær Berlin og i Natzweiler i Elsass).
Etter krigen vart (i 1945) sekretær i Det norske Arbeidarpartiet.[2]; Han vart formann i Forsvarskommisjonen av 1946. I mai 1950 vart han vald som stortingsrepresentant og var representant fram til 1981. Han var finansminister frå november 1951 til januar 1955, og frå desember 1956 til april 1960. Deretter var han samferdsleminister til januar 1964.
Han var formann i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe frå 1964 til 1971, frå 1972 til 1973, og frå 1976 til 1981. Bratteli var medlem av Nordisk Råd i fleire periodar som stortingsrepresentant. Han var òg formann for den norske delegasjonen og medlem av Nordisk Råds presidium frå 1965 til 1969. Han møtte som regjeringsrepresentant i Rådet i fleire periodar.
Han var statsminister frå 1971 men måtte gå av året etter då det vart fleirtal for nei-sida i Folkerøystinga om EF-medlemskap hausten 1972. Han vart igjen statsminister frå 1973 til 1976.
Bratteli har gjeve ut ei rad bøker, mellom desse kan nemnast Fange i natt og tåke (1980) som vart trykt i eit opplag på 180 000.
Venner Av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA) planta ein skog til hans minne i Israel.
Sjå òg |
- Norske statsministrar
- Norske regjeringar
- Trygve Bratteli si fyrste regjering
- Trygve Bratteli si andre regjering
Bakgrunnsstoff |
«Trygve Bratteli». Stortinget.no.
Relaterte artiklar
|
---|
Norske statsministrar etter 1945
|
---|
Johan Nygaardsvold (1945) · Einar Gerhardsen (1945–51) · Oscar Torp (1951–55) · Einar Gerhardsen (1955–63) · John Lyng (1963) · Einar Gerhardsen (1963–65) · Per Borten (1965–71) · Trygve Bratteli (1971–72) · Lars Korvald (1972–73) · Trygve Bratteli (1973–76) · Odvar Nordli (1976–81) · Gro Harlem Brundtland (1981) · Kåre Willoch (1981–86) · Gro Harlem Brundtland (1986–89) · Jan P. Syse (1989–90) · Gro Harlem Brundtland (1990–96) · Thorbjørn Jagland (1996-97) · Kjell Magne Bondevik (1997–2000) · Jens Stoltenberg (2000–01) · Kjell Magne Bondevik (2001–05) · Jens Stoltenberg (2005–2013) · Erna Solberg (2013-) |
Norske samferdsleministrar
|
---|
Nils Langhelle (1946–52) · Jakob Pettersen (1952–55) · Kolbjørn Varmann (1955–60) · Trygve Bratteli (1960–63) · Lars Leiro (1963) · Trygve Bratteli (1963–64) · Erik Himle (1964–65) · Håkon Kyllingmark (1965–71) · Reiulf Steen (1971–72) · John Austrheim (1972–73) · Annemarie Lorentzen (1973–76) · Ragnar Christiansen (1976–78) · Asbjørn Jordahl (1978–79) · Ronald Bye (1979–81) · Inger Koppernæs (1981–83) · Johan J. Jakobsen (1983-86) · Kjell Borgen (1986–88) · William Engseth (1988–89) · Lars Gunnar Lie (1989–90) · Kjell Opseth (1990–96) · Sissel Rønbeck (1996–97) · Odd Einar Dørum (1997–99) · Dag Jostein Fjærvoll (1999–2000) · Terje Moe Gustavsen (2000–01) · Torild Skogsholm (2001–05) · Liv Signe Navarsete (2005–09) · Magnhild Meltveit Kleppa (2009–2012) · Marit Arnstad (2012–2013) · Ketil Solvik-Olsen (2013–2018) · Jon Georg Dale (2018–) |
Norske finansministrar etter 1945
|
---|
Gunnar Jahn (1945) · Erik Brofoss (1945–47) · Olav Meisdalshagen (1947–51) · Trygve Bratteli (1951–55) · Mons Lid (1955–56) · Trygve Bratteli (1956–60) · Petter Jakob Bjerve (1960–63) · Andreas Cappelen (1963) · Dagfinn Vårvik (1963) · Andreas Cappelen (1963–65) · Ole Myrvoll (1965–71) · Ragnar Christiansen (1971–72) · Jon Norbom (1972–73) · Per Kleppe (1973–79) · Ulf Sand (1979–81) · Rolf Presthus (1981–86) · Arne Skauge (1986) · Gunnar Berge (1986–89) · Arne Skauge (1989–90) · Sigbjørn Johnsen (1990–96) · Jens Stoltenberg (1996–97) · Gudmund Restad (1997–2000) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (2000–01) · Per-Kristian Foss (2001–05) · Kristin Halvorsen (2005–2009) · Sigbjørn Johnsen (2009–2013) · Siv Jensen (2013–) |
AUF-leiarar etter 1945
|
---|
Trygve Bratteli (1945–46) · Rolf Åkervik (1946–49) · Frank Andersen (1949–52) · Ivar Mathisen (1952–55) · Reidar Hirsti (1955–58) · Bjartmar Gjerde (1958–61) · Reiulf Steen (1961–64) · Ola Teigen (1964–69) · Hans Raastad (1969–71) · Bjørn Tore Godal (1971–73) · Rune Gerhardsen (1973–75) · Sissel Rønbeck (1975–77) · Thorbjørn Jagland (1977–81) · Egil Knudsen (1981–85) · Jens Stoltenberg (1985–89) · Turid Birkeland (1989–92) · Trond Giske (1992–96) · Anniken Huitfeldt (1996–2000) · Eva Kristin Hansen (2000–02) · Gry Larsen (2002–06) · Martin Henriksen (2006–10) · Eskil Pedersen (2010–2014) · Mani Hussaini (2014–) |
Leiarar for Arbeidarpartiet
|
---|
Anders Andersen (1887–88) · Hans G. Jensen (1888–89) · Christian Holtermann Knudsen (1889–90) · Carl Jeppesen (1890–92) · Ole Georg Gjøsteen (1892–93) · Gustav Olsen-Berg (1893–94) · Carl Jeppesen (1894–97) · Ludvig Meyer (1897–1900) · Christian Holtermann Knudsen (1900–03) · Christopher Hornsrud (1903–06) · Oscar Nissen (1906–11) · Christian Holtermann Knudsen (1911–18) · Kyrre Grepp (1918–22) · Emil Stang d.y. (1922–23) · Oscar Torp (1923–45) · Einar Gerhardsen (1945–65) · Trygve Bratteli (1965–75) · Reiulf Steen (1975–81) · Gro Harlem Brundtland (1981–92) · Thorbjørn Jagland (1992–2002) · Jens Stoltenberg (2002–2014) · Jonas Gahr Støre (2014–) |
Partisekretærar i Arbeidarpartiet
|
---|
Magnus Nilssen (1901–18) · Martin Tranmæl (1918–21) · Einar Gerhardsen (1923–26) · Trygve Bratteli (1945) · Haakon Lie (1945–69) · Ronald Bye (1969–75) · Ivar Leveraas (1975–86) · Thorbjørn Jagland (1986–92) · Dag Terje Andersen (1992–96) · Solveig Torsvik (1996–02) · Martin Kolberg (2002–09) · Raymond Johansen (2009–2015) · Kjersti Stenseng (2015–) |
|
Autoritetsdata |
- WorldCat
- BIBSYS
- Norsk biografisk leksikon
- Store Norske leksikon
- Historisk befolkningsregister
- PolSys
- VIAF
- GND
- LCCN
|
---|
|
↑ https://nbl.snl.no/Trygve_Bratteli
↑ https://snl.no/Trygve_Bratteli