Regjeringa Willoch




Kåre Willoch si regjering vart utnemnd den 14. oktober 1981 som ei rein Høgre- regjering. Regjeringa var då ei mindretalsregjering som var avhengig av støtte frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Stortinget. KrF ville ikkje gå med i regjeringa på grunn av haldninga si til abortlova. Det var likevel eit ynskje frå mange å få til ei fleirtalsregjering, og 8. juni 1983 vart regjeringa utvida til ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Etter Stortingsvalet 1985 mista desse tre partia fleirtalet sitt i Stortinget og Framstegspartiet hamna i vippeposisjon. Regjeringa heldt fram som ei mindretalsregjering fram til 8. mai 1986. Ho måtte då gå av etter eit kabinettspørsmål i Stortinget om auka bensinavgifter.


Statsminister



  • Kåre Willoch, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Utanriksminister



  • Svenn Thorkild Stray, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd i Finansdepartementet




  • Rolf Presthus, H (14. oktober 1981–24. april 1986)


  • Arne Skauge, H (25. april 1986–8. mai 1986)


Statsråd, Industridepartementet




  • Jens-Halvard Bratz, H (14. oktober 1981–15. september 1983)


  • Jan P. Syse, H (16. september 1983–3. oktober 1985)


  • Petter Thomassen, H (4. oktober 1985–8. mai 1986)


Statsråd, Handelsdepartementet




  • Arne Skauge, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)


  • Asbjørn Haugstvedt, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)


Statsråd, Forsvarsdepartementet




  • Anders C. Sjaastad, H (14. oktober 1981–24. april 1986)


  • Rolf Presthus, H (25. april 1986–8. mai 1986)


Statsråd, Fiskeridepartementet




  • Thor Listau, H (14. oktober 1981–3. oktober 1985)


  • Eivind Reiten , Sp (4. oktober 1985–8. mai 1986)


Statsråd, Helse- og Sosialdepartementet



  • Leif Arne Heløe, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd, Samferdsledepartementet




  • Inger Koppernæs, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)


  • Johan J. Jakobsen, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)


Statsråd, Kommunal- og Arbeidsdepartementet



  • Arne Rettedal, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd, Olje- og Energidepartementet




  • Vidkunn Hveding, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)


  • Kåre Kristiansen, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)


Statsråd, Justisdepartementet




  • Mona Røkke, H (14. oktober 1981–3. oktober 1985)


  • Wenche Frogn Sellæg, H (3. oktober 1985–8. mai 1986)


Statsråd, Familie- og Administrasjonsdepartementet




  • Astrid Gjertsen, H (14. oktober 1981–17. april 1986)


  • Astrid Nøklebye Heiberg, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)


Statsråd, Landbruksdepartementet




  • Johan C. Løken, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)


  • Finn T. Isaksen, Sp (8. juni 1983–3. oktober 1986)


  • Svein Sundsbø, Sp (4. oktober 1986–8. mai 1986)


Statsråd, Miljøverndepartementet




  • Wenche Frogn Sellæg, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)


  • Rakel Surlien, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)


Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet




  • Tore Austad, H (14. oktober 1981 –7. juni 1983)


  • Kjell Magne Bondevik, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)


Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet (kultursaker)



  • Lars Roar Langslet, H (14. oktober 1981–31. desember 1981)

Statsråd, Kultur- og Vitskapsdepartementet



  • Lars Roar Langslet, H (1. januar 1982–7. juni 1983)

Statsråd, konsultativ



  • Reidun Brusletten , KrF (8. juni 1983–31. desember 1983)

Statsråd, Departementet for utviklingshjelp



  • Reidun Brusletten , KrF (1. januar 1984–8. mai 1986)


Sjå også |


  • Norske regjeringar


Kjelder |


  • Regjeringa Willoch hos Regjeringen.no, vitja 15. januar 2010







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva