Fransk




For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fransk (fleirtyding).

























































Fransk
(français)

Klassifisering:

Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   galloromanske språk

Talarar:

franskmenn

Bruk

Tala i:

Frankrike, Belgia, Sveits, Canada samt 48 andre land

Område:

Vest-Europa, Nord-Afrika og Nord-Amerika

Fransktalande i alt:
173 000 000

Rangering:
13

Skriftsystem:

Latinsk
Offisiell status


Offisielt språk i:

Frankrike, Belgia, Sveits, Canada, Elfenbeinskysten og 30 andre land

Normert av:

Académie française

Språkkodar

ISO 639-1:
fr

ISO 639-2:
fre (B)/fra (T)

ISO 639-3:
fra

Wikipedia på fransk

Fransk, fr: français, er eit romansk språk som mellom anna vert tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia og i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.


Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (ɛ, œ, ã og ɔ), ein labialisert y (som i rue), skarre-r og schwa (ə).[1]


Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).[1]



Utbreiing |




Utbreiingskart for fransk. ██ Morsmål ██ Administrasjonsspråk ██ Utbreidd språk / viktig kulturspråk ██ Vesentleg minoritetsspråk.


Fransk er offisielt språk i desse landa og territoria:































































































































































































































land
infødde talarar
folketal
 
(omtrentleg tal)
(juli 2003)
Frankrike 51 949 900 
60 180 600
Kongo-Kinshasa 702 400 
55 225 478
Libanon 1 500 000 
3 826 018
Canada 7 535 600 
32 207 000
Elfenbeinskysten 1 614 500 
16 962 500
Kamerun 643 900 
15 746 200
Burkina Faso 140 300 
13 228 500
Mali 140 800 
11 626 300
Senegal 88 100 
10 580 400
Belgia 3 807 000 
10 290 000
Rwanda 153 600 
7 810 100
Haiti 141 200 
7 527 800
Sveits 1 515 700 
7 318 638
Burundi 63 900 
6 096 156
Togo 141 500 
5 429 300
Den sentralafrikanske republikken 36 700 
3 683 600
Kongo-Brazzaville 267 300 
2 954 300
Gabon 109 200 
1 321 500
Komorane 15 300 
632 948
Djibouti 11 400 
457 130
Luxembourg 21 600 
454 157
Guadeloupe 110 400 
442 200
Martinique 144 600 
390 200
Vanuatu 2 900 
200 000
Benin 191 200 
7 862 944
Guinea 178 700 
9 690 222
Réunion 170 600 
787 584
Fransk Polynesia 142 900 
274 578
Ny-Kaledonia 127 800 
219 246
Niger 85 400 
12 525 094
Tsjad 85 400 
9 944 201
Fransk Guyana 39 900 
199 509
Mauretania 21 000 
3 177 388
Monaco 15 400 
32 543
Mayotte 14 900 
201 234
Saint-Pierre og Miquelon 6 700 
7 026
Saint Martin 3 500 
35 000
Saint-Barthélemy 3 200 
7 000
Wallis- og Futunaøyane 1 300 
16 025
Ekvatorialguinea 200 
540 109
Seychellane 1 500 
80 469
Madagaskar -   
16 979 900

I visse land har språket ingen offisiell status, men er andrespråk for store delar av innbyggjarane:



























land
folketal
 
(juli 2003)
Algerie 32 810 500
Marokko 31 689 600
Mauritius 1 210 500
Tunisia 9 924 800

Det finst også fransktalande grupper i Guinea-Bissau, Kambodsja, Egypt, India (Puducherry), Italia ( Aostadalen), Laos, Storbritannia (Kanaløyane), Israel (jødar med franske og nordafrikanske røter), USA (særleg Louisiana og New England) og Vietnam.



Kjelder |





  1. 1,01,1 fransk i Store norske leksikon. Henta 11. februar 2013.




  • Denne artikkelen bygger på «Franska» frå Wikipedia på svensk, den 11. februar 2013.










Spire Denne språkartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva