Kantonen Neuchâtel
Neuchâtel Tysk: Neuenburg Fransk: Neuchâtel Italiensk: Neuchâtel Retroromansk: Neuchâtel | |
---|---|
Våpenet til Neuchâtel | |
Kart som viser kor i Sveits Neuchâtel ligg. | |
Hovudstad | Neuchâtel |
Folketal | 172 021 (2011) |
Areal | 802,93 km² |
Folketettleik | 214/km² |
Forkorting | NE |
Kanton sidan | 1815 |
Høgaste topp | Chasseral (1552 moh) |
Neuchâtel er ein kanton i det vestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 803 km2, og hadde 171 647 innbyggarar i 2009. Byen Neuchâtel er hovudstad i kantonen.
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Språk og samfunn
3 Distrikt og kommunar
4 Historie
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Geografi |
Kantonen Neuchâtel grensar i nordvest til regionen Franche-Comté i Frankrike, og til kantonane Jura i nord, til Bern i nordaust og til Vaud i sørvest. Fribourg ligg på søraustbreidda av Neuchâtelsjøen. Distrikta Neuchâtel og Boudry vert ofte nemnt som Le Littoral («Sjøbreidda»), og La-Chaux-de-Fonds og Le Locle som Montagnes Neuchâteloises («Neuchâtelfjella»). Høgste punktet i kantonen, 1 552 moh, ligg ved fjellet Chasseral, fjelltoppen er i Bern. Lågastliggande punktet er Bielsjøen på 429 moh.
Språk og samfunn |
23,4% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Talemålet i Neuchâtel er i all hovudsak fransk. Tidlegare var kantonen dominert av protestantar, i dag utgjer dei 38& av folketalet. 31% av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Distrikt og kommunar |
Neuchâtel består av 6 distrikt, som er delt opp i til saman 62 kommunar. Dei seks distrikta er Boudry, La Chaux-de-Fonds, Le Locle, Neuchâtel, Val-de-Ruz og Val-de-Travers.
Historie |
Neuchâtel var eit fyrstedømme under ulike dynasti frå 1000-talet. I 1815 gjekk fyrstedømmet inn i det sveistiske eidsforbundet. Neuchâtel vart då det første og det einaste fyrstedømet som har vore medlem av det republikanske Sveits. Etter ein fredfull revolusjon i 1848, vart Neuchâtel ein kanton. Same året gjekk Sveits over frå å vere eit eidsforbund til å verte sambandsstat. Den styrta fyrsten, kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, stod bak fleire motrevolusjonar, den alvorlegaste hende i 1856-57. Krisa enda med at prøyssarkongen måtte seie frå seg fyrstekravet.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Canton of Neuchâtel» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2011.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Kantonane i Sveits | |
---|---|
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich |
|