Sogn og Fjordane fylke


































































Sogn og Fjordane fylke

fylke





fylkesvåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg


Adm.senter

Leikanger

Areal
18 623 km²
 - land
17 709 km²
 - vatn
914 km²

Folketal
110 230 (1. januar 2018)
Folketettleik

6 / km²



Målform
nynorsk

Fylkesmann

Anne Karin Hamre

Fylkesordførar

Jenny Følling (Sp)


Fylkesnummer
14




Norway Counties Sogn og Fjordane Position.svg




Wikimedia Commons: Sogn og Fjordane

Nettstad: www.sfj.no


Sogn og Fjordane er eit fylke i Noreg, mellom Møre og Romsdal i nord og Hordaland i sør. I aust grensar fylket til Oppland og i søraust til Buskerud.


Fylket svarar til det tidlegare Nordre Bergenhus Amt og har sitt noverande namn frå 1919. Det er samansett av tre hovuddelar, dei gamle futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, der dei to siste utgjer Fjordane. Sogn og Fjordane er særmerkt av fleire fjordar og her finn ein Sognefjorden som er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet, ligg mellom dei inste armane av Nordfjorden og Sognefjorden. På grensa mellom kommunane Luster og Årdal ligg Store Skagastølstind, som med sine 2405 moh. er den høgaste fjelltoppen på Vestlandet og den tredje høgaste i Noreg.


Fylket er svært fjellrikt, og har fleire gode lakseelvar. Fylket har også mange frodige jordbruksbygder og mykje fruktdyrking. Husdyrhald, skogbruk og fiskeoppdrett er også utbreidd. Andre viktige næringar er industri, handel, turisme, privat og offentleg tenesteyting og administrasjon.


Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvsliste.


Førde er den største tettstaden i fylket og Hermansverk i Leikanger kommune er sete for administrasjonen i fylkeskommunen. Florø, som ligg på vestkysten, er den vestlegaste byen i Noreg. Sogn og Fjordane er vennskapsprovins med den kinesiske provinsen Ningxia Hui.


Fylkesvåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 23. september 1983. Motivet er på sølv grunn tre blå spissar mot venstre, der spissane står for dei tre fjordane i fylket og viser til fylkesdelane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Fylkesblomsteren til Sogn og Fjordane er revebjølle og fylkessteinen er eklogitt.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Klima


  • 3 Næringsliv


  • 4 Samferdsle


  • 5 Administrasjon


    • 5.1 Kommunar




  • 6 Politikk


    • 6.1 Fylkestingsval 2011


    • 6.2 Fylkestinget 2011-2015


    • 6.3 Stortinget 2009-2013


    • 6.4 Stortinget 2013-2017




  • 7 Kjelder


    • 7.1 Referansar




  • 8 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Sognefjorden




Jostedalsbreen


Terrengtilhøva i Sogn og Fjordane i dag er i hovudsak ei følgja av den tertiære landhevinga og følgjande erosjon, først av rennande vatn langs sprekkar og veikare soner i berggrunnen, seinare av ein omfattande iserosjon. Resultata av dette er synlege i dei djupe fjordane og i dei U-forma dalane der fjordane går vidare innanfor fjordbotnen. Sogn og Fjordane kan delast inn i tre geografiske område:


Sogn utgjer den sørlege delen av fylket, kring Sognefjorden og armane derfrå. Den austre delen av Vest-Jotunheimen ligg i området og i nordaust størstedelen av Breheimen. Utanfor dei ytste delane av Sognefjorden, nord for Utvær fyrstasjon, ligg Holmebåen som er Noregs vestlegaste punkt. Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og er den nest lengst fjorden i verda. Landskapet i Sogn er berglendt og frå Sognefjorden går tronge fjordarmar til begge sidene. Frå botnen av fjordarmane fører djupe, tronge og nokså bratte dalar inn mellom fjella som er samansett av harde og gabbroide bergartar. I dei ytre stroka når fjella på øyane sjeldan over 500 moh og ytst på fastlandet ligg dei på 700-800 moh. I indre strok når Hurrungane 2405 moh. Dei ytre stroka er nesten berre for skog medan dei indre har frodig vegetasjon langs fjordsidene og i dei lågareliggjande dalane.


Sunnfjord utgjer den sørlege delen av Fjordane i fylket, og femner områda kring dei kortare fjordane som skjer seg inn mellom Sognefjorden og Nordfjord i nord. Sunnfjord er kløyvd opp av ei rekkje vest-aust gåande, tronge og ofte krokete fjordar som er kortare enn i Sogn og i Nordfjord. I aust når Sunnfjord til Jostedalsbreen. Både her og på Myklebustbreen lenger vest når fjella over 1800 moh. Utanfor fastlandet ligg ei rekkje øyar, den største av desse er Bremangerlandet i nord. Dei største tettstadene i fylket ligg i Sunnfjord; Florø på kysten og Førde ved botnen av Førdefjorden.


Nordfjord er landet i den nordlegaste delen av fylket, kring fjorden Nordfjord i tillegg til Stadlandet, og strekkjer seg austover til ryggen av Jostedalsbreen og Strynefjell. Her ligg fjorden Nordfjord på 106 km, den sjette største fjorden i Noreg. I Hornindal inst i Nordfjord ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.


Jostedalsbreen ligg mellom dei inste armane av Nordfjord og Sognefjorden. Sogn og Fjordane har eit større breareal enn noko anna fylke i Sør-Noreg, og i dei ytre fjordstroka finn ein grunna den store nedbøren, brear som ligg lågare enn nokon annan stad i landsdelen. Skoggrensa søkk frå toppen 800 moh. i dei indre stroka til 200 m i dei ytre.


Det ligg to nasjonalparkar i fylket: Jotunheimen- og Jostedalsbreen nasjonalpark. Elles er det fleire verneområde av landskap, som Bleia - Storebotnen og den tilstøytande Nærøyfjorden, i tillegg til Stølsheimen på sørsida av Sognefjorden og Ålfoten på sørsida av den ytste delen av Nordfjord. Nærøyfjorden er innskrive på lista til UNESCO over verdas kultur- og naturarv som fjordlandskap.



Klima |




Stad


Dei dominerande luftstraumane, saman med mesteparten av dei vandrande lågtrykka og nedbørsområda, kjem frå vest og sørvest. Vintertid blæs bakkevinden oftast frå austleg kant, ut fjordar og dalar, medan det blæs frå søraust ved kysten. Sommarstid blæs det oftast frå nordvest ved kysten, medan luftstraumane følgjer fjordar og dalar lenger inn i landet, frå vest mot aust.


I ytre og mellomliggjande strok er det mykje nedbør, om lag 1500-3000 mm årleg. Toppnivåa finst som regel 20-30 km frå kysten. I dei meir skjerma indre fjordstroka, me.a. i delar av Lærdal og Luster, er det nokre periodar med årsnedbør på under 500 mm.


Indre fjordstrok har stort sett reint innlandsklima. I desse stroka og i nærliggjande dalar er dei kaldaste middeltemperaturane i januar, frå –3 til –6 °C, og dei varmaste i juli med 13–15 °C. Attmed kysten er februar den kaldaste månaden med middeltemperatur på 1–2 °C, og august den varmaste med middeltemperatur på kring 14 °C. På den nordlegaste delen av kysten, særleg ved Stad, blæs det relativt ofte opp til kuling og storm.



Næringsliv |


Fruktdyrking


Det eldste vitnesbyrdet vi har om fruktdyrking i landet er frå Sverresoga der Aldinshaugr i Vik (i dag Aldenhaug) blir nemnt.[1]Alde og haugr er gamalnorsk og tyder epletre og hage, altså eplehage. Det er i særleg grad i Sogn og i Nordfjord det blir dyrka frukt. Eit samlande frukt- og bærprosjekt for heile Sogn og fjordane er Arena frukt og bær.[2] Dette er eit klyngjeprosjekt som går over tre år og omfattar alle bedriftene som jobbar opp mot frukt og bærnæringa i Sogn og Fjordane. Visjonen er at Sogn og Fjordane skal verta eit nasjonalt senter for innovasjon i frukt og bær.



Samferdsle |




Fylkesveg 60 frå Nordfjord


Fire hovudsamband fører sørover til Hordaland: I vest Fv. 57 frå Rutledal i Gulen til Knarvik i Lindås, E 39 frå Oppedal i Gulen til Knarvik og Bergen, Rv. 13 frå Vangsnes/Vik til Voss og E 16 gjennom fylket til Voss. Til Sunnmøre i nord går det tre hovudsamband, alle med endepunkt i Ålesund: Fv. 61 frå Bryggja i Vågsøy over me.a. øyane Gurskøya og Hareidlandet, E 39 frå Nordfjordeid via Volda og Ørsta, og Fv. 60 frå Hornindal via Stranda og Sykkylven.


Frå Austlandet går det fem heilårs vegsamband til fylket. Fire av desse går frå Sogn; E 16 over Filefjell og Rv. 52 over Hemsedal til Lærdal, Fv. 53 over Tyin til Årdal, Fv. 50 Hol-Aurland. Ein går til Nordfjord, Rv. 15 over Strynefjell til Stryn. Elles er det samband til Austlandet over Sognefjell frå Skjolden til Sogndal via Rv. 55. Ferjesambandet over Sognefjorden på Rv. 5 Fodnes-Mannheller gjev kommunane Aurland, Lærdal og Årdal samband med nordsida av Sognefjorden. Med opninga av den lengste biltunnelen i verda, Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland på 24,5 km, er det vorte etablert eit ferjefritt og vintersikkert stamvegsamband mellom Bergen og Oslo via E 16.


I sør går Bergensbanen på ei kort strekning innan fylket. Frå Myrdal går Flåmsbanen til Flåm ved botnen av Aurlandsfjorden, den brattaste og mest kjente turistbanen i Noreg. Til Lillehammer og Oslo er det ekspressbussamband. Flyplassar i fylket ligg i Florø, Førde, Sandane og Sogndal.



Administrasjon |


Hermansverk i Leikanger kommune er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen.
Sogn og Fjordane utgjer 26 kommunar, alle med nynorsk som administrasjonsspråk. Fylket har fire prosti med 29 prestegjeld og 82 sokn, og eitt politidistrikt som svarar til fire tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.



Kommunar |
































































































































































































































































Nr.
Namn
Adm.senter
Folkemengd
Flatevidd km²
Målform
Distrikt
1401

Flora kommune Flora

Florø

000000000011988.000000000011 988

000000000000692.0000000000692
nynorsk

Sunnfjord
1411

Gulen kommune Gulen

Eivindvik

000000000002345.00000000002 345

000000000000597.0000000000597
nynorsk

Ytre Sogn
1412

Solund kommune Solund

Hardbakke

000000000000807.0000000000807

000000000000228.0000000000228
nynorsk

Ytre Sogn
1413

Hyllestad kommune Hyllestad

Hyllestad

000000000001378.00000000001 378

000000000000259.0000000000259
nynorsk

Ytre Sogn
1416

Høyanger kommune Høyanger

Høyanger

000000000004154.00000000004 154

000000000000908.0000000000908
nynorsk

Ytre Sogn
1417

Vik kommune Vik

Vikøyri

000000000002674.00000000002 674

000000000000833.0000000000833
nynorsk

Indre Sogn
1418

Balestrand kommune Balestrand

Balestrand

000000000001262.00000000001 262

000000000000430.0000000000430
nynorsk

Indre Sogn
1419

Leikanger kommune Leikanger

Leikanger

000000000002345.00000000002 345

000000000000180.0000000000180
nynorsk

Indre Sogn
1420

Sogndal kommune Sogndal

Sogndal

000000000008059.00000000008 059

000000000000746.0000000000746
nynorsk

Indre Sogn
1421

Aurland kommune Aurland

Aurlandsvangen

000000000001778.00000000001 778

000000000001468.00000000001 468
nynorsk

Indre Sogn
1422

Lærdal kommune Lærdal

Lærdalsøyri

000000000002153.00000000002 153

000000000001342.00000000001 342
nynorsk

Indre Sogn
1424

Årdal kommune Årdal

Årdalstangen

000000000005277.00000000005 277

000000000000976.0000000000976
nynorsk

Indre Sogn
1426

Luster kommune Luster

Gaupne

000000000005223.00000000005 223

000000000002707.00000000002 707
nynorsk

Indre Sogn
1428

Askvoll kommune Askvoll

Askvoll

000000000003052.00000000003 052

000000000000326.0000000000326
nynorsk

Sunnfjord
1429

Fjaler kommune Fjaler

Dale

000000000002846.00000000002 846

000000000000417.0000000000417
nynorsk

Sunnfjord
1430

Gaular kommune Gaular

Sande

000000000003006.00000000003 006

000000000000582.0000000000582
nynorsk

Sunnfjord
1431

Jølster kommune Jølster

Skei

000000000003043.00000000003 043

000000000000670.0000000000670
nynorsk

Sunnfjord
1432

Førde kommune Førde

Førde

000000000013089.000000000013 089

000000000000586.0000000000586
nynorsk

Sunnfjord
1433

Naustdal kommune Naustdal

Naustdal

000000000002825.00000000002 825

000000000000370.0000000000370
nynorsk

Sunnfjord
1438

Bremanger kommune Bremanger

Svelgen

000000000003767.00000000003 767

000000000000833.0000000000833
nynorsk

Nordfjord
1439

Vågsøy kommune Vågsøy

Måløy

000000000006001.00000000006 001

000000000000177.0000000000177
nynorsk

Nordfjord
1441

Selje kommune Selje

Selje

000000000002757.00000000002 757

000000000000226.0000000000226
nynorsk

Nordfjord
1443

Eid kommune Eid

Nordfjordeid

000000000006157.00000000006 157

000000000000469.0000000000469
nynorsk

Nordfjord
1444

Hornindal kommune Hornindal

Grodås

000000000001175.00000000001 175

000000000000192.0000000000192
nynorsk

Nordfjord
1445

Gloppen kommune Gloppen

Sandane

000000000005874.00000000005 874

000000000001030.00000000001 030
nynorsk

Nordfjord
1449

Stryn kommune Stryn

Stryn

000000000007195.00000000007 195

000000000001378.00000000001 378
nynorsk

Nordfjord

Totalt

Sogn og FjordaneSogn og
      Fjordane


Leikanger

000000000110230.0000000000110 230

000000000018623.000000000018 623
nynorsk

Sogn og
Fjordane



Politikk |



Fylkestingsval 2011 |


Valresultatet i fylkestingsval i ulike delar av fylket. Kolonnen som heiter "del" angir del av dei totale stemmene i fylket.





































































































Område Ap Frp Høgre KrF Sp SV Venstre Raudt Andre Del Fleirtall
Ytre Sogn 28,3 5,0 16,7 8,5 30,0 2,8 4,6 2,5 1,6 12,1 Ap+SV+Sp+R
Indre Sogn 40,9 7,1 12,3 4,3 22,9 4,8 5,2 0,8 1,6 22,9 Ap+SV+Sp+R
Sunnfjord 28,6 5,9 18,4 6,1 26,2 5,8 6,5 0,8 1,7 35,1 Ap+SV+Sp+R
Nordfjord 14,0 10,9 18,7 8,3 25,7 2,8 11,1 2,8 5,8 30,0 H+V+KrF+FrP
Sogn og Fjordane 27,0 7,6 16,9 6,6 25,7 4,3 7,4 1,6 2,9 100 Ap+SV+Sp+R
Noreg 33,2 11,8 27,6 5,8 6,3 4,3 5,7 1,7 3,7 - H+V+KrF+FrP

Kjelde: Regjeringen: Fylkestingsvalget 2011 Sogn og Fjordane



Fylkestinget 2011-2015 |


Fylkestinget har 39 representantar. Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesordførar og Jenny Følling (Sp) er fylkesvaraordførar i perioden.



































Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 11
Senterpartiet 10
Høgre 7
Framstegspartiet 3
Venstre 3
Kristeleg Folkeparti 3
Sosialistisk Venstreparti 2


Stortinget 2009-2013 |


Ved Stortingsvalet 2009 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2009-2013:



  • Representant nr. 120: Ingrid Heggø (Ap), Høyanger

  • Representant nr. 121: Liv Signe Navarsete (Sp), Lærdal

  • Representant nr. 122: Åge Starheim (Frp), Selje

  • Representant nr. 123: Tor Bremer (Ap), Luster

  • Representant nr. 124: Bjørn Lødemel (H), Hornindal (utjevningsmandat)


Erling Sande var fast møtande vararepresentant for statsråd Liv Signe Navarsete.



Stortinget 2013-2017 |


Ved Stortingsvalet 2013 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2013-2017:



  • Representant nr. 123: Ingrid Heggø (Ap), Høyanger

  • Representant nr. 124: Liv Signe Navarsete (Sp), Lærdal

  • Representant nr. 125: Bjørn Lødemel (H), Hornindal

  • Representant nr. 126: Sveinung Rotevatn (v), Nordfjordeid





Kjelder |



  • SNL – Sogn og Fjordane

  • SNL – Sogn og Fjordane - klima

  • SNL – Sogn og Fjordane - samferdsel



Referansar |





  1. http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Vik_-_pion%C3%A9rbygda_for_frukt_i_Sogn


  2. Arena frukt og bær




Bakgrunnsstoff |



  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

  • Fylkesmannen Sogn og Fjordane

  • NRK Sogn og Fjordane


  • Fjordaglimt.no - Nettstad for sosiale nettverk og debatt i Sogn og Fjordane.


  • Framtidsfylket - Samskipnad mellom føretak og det offentlege for verving av arbeidskraft til fylket.


  • Vegvisar.no - Teneste som viser køyreavstand mellom ulike stader i Sogn og Fjordane.




























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva