Älvsbyns kommun
Älvsbyns kommun | ||
kommune | ||
| ||
Land | Sverige | |
---|---|---|
Len | Norrbottens län | |
Landskap | Norrbotten | |
Areal | 1 795,24 km² | |
- land | 1 698,04 km² | |
- vatn | 97,2 km² | |
Folketal | 8 273[1] (2011) | |
Wikimedia Commons: Älvsbyn | ||
Älvsbyn kommune er ein svensk kommune som ligg i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Han grensar til nabokommunane Piteå, Boden, Jokkmokk og Arvidsjaur. Administrasjonssenter i kommunen er Älvsbyn.
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Næringsliv
3 Tettstader
4 Folketalsutvikling
5 Venskapsbyar
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Geografi |
Pite älv renn gjennom kommunen, og elva dannar den største uregulerte fossen i Europa, Storforsen, ved bygda Bredsel.[2]
Älvsbyen er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Stambanan genom övre Norrland og sidelinja Piteåbanan gjev Älvsbyen samband med den næraste større byen, Piteå.
Næringsliv |
Ferdighusprodusenten Älvsbyhus og bakeribedrifta Polarbröd vart grunnlagt i kommunen, og er framleis viktige arbeidsgjevarar.
Tettstader |
Älvsbyn kommune hadde fire tettstader i 2005.
Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[3]
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Älvsbyn | 5 042 |
2. | Vidsel | 569 |
3. | Korsträsk | 397 |
4. | Vistträsk | 258 |
Folketalsutvikling |
Folketalsutviklinga i Älvsbyn kommune | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1970 | 8 700 | |||
1980 | 9 624 | |||
1990 | 9 400 | |||
2000 | 8 947 | |||
2008 | 8 465 | |||
Venskapsbyar |
Fauske i Noreg
Haapavesi i Finland
Montsjegorsk i Russland
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Älvsbyn kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
↑ Storforsen – älvens pärla frå hjemmesidane til Älvsbyn kommune
↑ Statistiska centralbyrån 31. desember 2005
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Kommunar i Norrbottens län i Sverige | ||
---|---|---|
Arjeplog · Arvidsjaur · Boden · Gällivare · Haparanda · Jokkmokk · Kalix · Kiruna · Luleå · Pajala · Piteå · Älvsbyn · Överkalix · Övertorneå | ||
Sjå òg: Kommunar i Sverige |
|