Periferieininga Pélla















































Periferieininga Pélla
Περιφερειακή ενότητα Πέλλης

Plasseringa til {{{name}}} i Hellas

Periferi
Sentral-Makedonía
Hovudstad
Édessa
Folketal 139 680 (2011[1]) Rangering 22.
Areal 2 506 km² Rangering 21.
Folketettleik 56/km²
Kommunar 4
Postnummer 58x xx
Retningsnummer 238x0
Bilnummer EE
Heimeside
www.pella.gr

Periferieininga Pélla (gresk Περιφερειακή ενότητα Πέλλης, Periferiakí enótita Péllis) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden er Édessa og ho grensar til Flórina i vest, Kozáni i sørvest, Imathía i sør, Thessaloníki i søraust, Kilkis i aust og Republikken Makedonia i nord.


Pélla var tidlegare ein del av det store Thessaloniki prefektur fram til 1947, då dette vart delt opp i mindre prefektur, frå 2011 ei periferieining. Pélla er kalla opp etter den antikke byen med same namn.




Innhaldsliste






  • 1 Administrativ inndeling


  • 2 Byar og tettstader


  • 3 Geografi


  • 4 Historie


  • 5 Referansar


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelde





Administrativ inndeling |


Tidlegare var Pélla eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]























































































Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Pélla Almopía Aridéa 584 00 23840-2
Exaplátanos 580 04 23840-4
Pélla Jannitsá 581 00 23820-2
Pélla 580 05 23820-3
Kýrros 581 00 23820-51
Megás Aléxandros 583 00 23820-43
Krýa Vrýsi 583 00 23820-6
Skýdra Skýdra 585 00 23810-8
Meniída 585 00 23810-41
Édessa Édessa 582 00 23810-2
Vegorítida 580 02 23810-31


Byar og tettstader |


Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:


















































































































































































Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Jannitsá Jannitsá 29 789
Édessa Édessa 18 229
Aridéa Almopía 6 561
Skýdra Skýdra 5 406
Krýa Vrýsi Pélla 5 214
Pélla Pélla 2 398
Néos Mylótopos Pélla 1 983
Galatádes Pélla 1 858
Karyótissa Pélla 1 779
Prómakhi Almopía 1 740
Áthyra Pélla 1 524
Néa Pélla Pélla 1 510
Árnissa Édessa 1 411
Aravissós Pélla 1 398
Arséni Skýdra 1 396
Sevastianá Skýdra 1 392
Kalí Skýdra 1 378
Exaplátanos Almopía 1 292
Axós Pélla 1 197
Ambelíes Pélla 1 159
Loutráki Almopía 1 146
Rizári Édessa 1 132
Ápsalos Almopía 1 121
Akrolímni Pélla 1 100
Kalývia Skýdra 1 095
Melíssi Pélla 1 087
Mándalo Skýdra 1 080
Sosándra Almopía 1 078
Polykárpi Almopía 1 049
Profítis Ilías Skýdra 1 036
Lipokhóri Skýdra 1 031
Ájos Loukás Pélla 1 013
Mavrovoúni Skýdra 1 012
Rizó Skýdra 1 006


Geografi |


Nordlege og sørvestlege område av Pélla er dekte av fjell, særleg Vérmiofjella, Vórasfjella (Nidže) i nordvest og Páikofjella i nordaust. Dei sørlege områda er flate og i antikken var det ei bukt som hang saman med Egearhavet. Høgda er i dag om lag 5-10 meter over havnivå. Vegorítidasjøen ligg i sørvest.



Historie |


Området rundt den moderne periferieininga Pélla var ein del av Makedonia i antikken. Det vart seinare ein del av Romarriket, og så Austromarriket og Det osmanske riket. Etter 500 år med tyrkisk styre starta den greske sjølvstendekrigen, men grekarane tapte alle slaga i området og Pélla vart først ein del av Hellas i 1913, etter balkankrigane. Økonomien og jordbruket i Pélla betra seg og det vart oppretta fleire jordbruksområde, medan vegsystemet vart utbetra. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia i det moderne Tyrkia til området. Radio og bilar kom til landsbygda i 1950-åra, i tillegg til at vegane vart asfaltert.



Referansar |





  1. 1,01,1 Folketeljing 2011, revidert


  2. 2,02,1 Kallikratis-reforma




Bakgrunnsstoff |


  • Pélla på gtp.gr


Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pella Prefecture frå Engelsk Wikipedia .





































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva