YouTube































YouTube
YouTube Logo 2017.svg

Selskapsform Underavdeling, Limited Liability Company
Skipa februar 2005
Eigar Google AS
Produkt Videovert på nettet
Land USA
Nettstad www.youtube.com

YouTube er ein nettstad der brukarane sjølve kan lasta opp, vise og dele videoklipp. Nettstaden vart grunnlagt i februar 2005 av tre tidlegare medarbeidarar i PayPal. I dag har YouTube femti tilsette, og har hovudkontor i San Bruno i California, USA.


YouTube bruker Adobe Flash til å vise innhaldet, som omfattar klipp frå filmar og TV-program, musikkvideoar og heimelaga videofilmar. YouTube forbyr opplasting av materiale som er beskytta av opphavsrett, men dette har vist seg vanskeleg å gjennomføre. 9. oktober 2006 vart YouTube kjøpt opp av Google for 11 milliardar kroner.


Stoda i første kvartal 2008, er at YouTube ikkje gjev noko forteneste. Profitten vart i 2007 sett på som ikkje substansiell av Google. Eksakte tal på profitten vert ikkje offentleggjort, men ein artikkel i Forbes juni 2008 projiserte ein inntekt på 200 millionar USD, grunna auka annonsesal. [1] Prisen for ein annonse på YouTube sida var på den tida 175 000 USD kvar dag, pluss forpliktelsar om å kjøpe Google og YouTube annonsar andre plassar. Ein eigen kanal, forskjellig ved å ha ein eigen bakgrunn, kostar annonsørar 200 000 USD.




Innhaldsliste






  • 1 Vekst


  • 2 Problematikk rundt opphavsrett


  • 3 På forskjellige språk


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Fotnotar





Vekst |


YouTube er blant dei raskast veksande nettstadene på Internett, og er rangert som den fjerde mest populære nettstaden [1] av Alexa Internet. 16. juli 2006 kunngjorde YouTube at det kvar dag vart sett 100 millionar filmklipp på YouTube. 65 000 nye videoar vart lasta opp kvar dag.



The Wall Street Journal publiserte i august 2006 ein artikkel der YouTube var vert for 6,1 millionar videoar, som kravde rundt 45 terabyte med lagringskapasitet. På den tida var det rundt 500,000 brukarkontoar. I april 2008 gjev eit YouTube søk omtrent 83.4 million videoar og 3.75 million brukerkanalar.[2][3] Det er berekna at i 2007 brukte YouTube like mykje kapasitet som heile internett gjorde i år 2000, samtidig som over 13 timar med video vart lasta opp kvart minutt.[4] I mars 2008 var kostnadane til båndbredde berekna til rundt 1 million USD dagleg.



Problematikk rundt opphavsrett |


Den amerikanske lova kring opphavsrett gjeld og for denne sida, og filmklipp som strid imot denne lova vert jamleg fjerna. På tross av dette vert materiale som bryt denne lova lasta opp i vidt omfang. Med fleire millionar av brukarar er det blitt ei uoverkommeleg oppgåve å holde auge med dette, ettersom rettsstridige klipp ofte berre blir fjerna om brukarar eller folk som sit på rettane gjer YouTube merksame på lovbrota. Frå oktober 2007 fekk medieverksemder tillating til å blokkere klipp utan å spørje om lov først, om desse klippa strid med deira opphavsrett.[5]





"The marketing guys love YouTube and the legal guys hate it."

"Marknadsføringsfolka elskar YouTube, og advokatane hatar det."
-Ian Schafer, frå annonsefirmaet Deep Focus





Hollywood sine haldningar til YouTube er delte. Quincy Smith ifrå CBS peikte på at han har interesse av å beskytte ein serie som har stor suksess målt i sal, samtidig som han kan sjå eit marknadsføringspotensiale i å ligge på nettet for ein serie som går dårleg. [6]



På forskjellige språk |




Kart over land der YouTube finst i ein lokal variant.


YouTube har komme i fleire variantar, der heile sida er tilgjengeleg i denne språkdrakta eller med eit anna tilbod for dette området.













































































































































Land
URL
Språk
Oppstartsdato

Australia Australia

http://au.youtube.com/

Australsk engelsk
22. oktober 2007 [7]

Brasil Brasil

http://br.youtube.com/

Braziliansk Portugisisk
19. juni 2007 [8]

Flag of Canada.svg Kanada

http://ca.youtube.com/

Kanadisk engelsk og fransk-kanadisk
6. november 2007 [9]

Tsjekkia Tsjekkia

http://cz.youtube.com/

Tsjekkisk
9. oktober 2008[10]

Frankrike Frankrike

http://fr.youtube.com/

Fransk
19. juni 2007 [8]

Tyskland Tyskland

http://de.youtube.com/

Tysk
8. november 2007 [11]

Hongkong Hong Kong

http://hk.youtube.com/

Tradisjonell kinesisk
17. oktober 2007 [12]

Israel Israel

http://il.youtube.com/

Engelsk
16. september 2008

India India

http://in.youtube.com/

Engelsk
7. mai 2008 [13]

Irland Irland

http://ie.youtube.com/

Irsk Engelsk
19. juni 2007 [8]

Italia Italia

http://it.youtube.com/

Italiensk
19. juni 2007 [8]

Japan Japan

http://jp.youtube.com/

Japansk
19. juni 2007 [8]

Sør-Korea Korea

http://kr.youtube.com/

Koreansk språk
23. januar 2008

Mexico Meksiko

http://mx.youtube.com/

Meksikansk spansk
10. oktober 2007

Nederland Nederland

http://nl.youtube.com/

Nederlandsk
19. juni 2007[8]

New Zealand New Zealand

http://nz.youtube.com/

New zealandsk engelsk
22. oktober 2007[7]

Flag of Poland.svg Polen

http://pl.youtube.com/

Polsk
19. juni 2007[8]

Flag of Russia.svg Russland

http://ru.youtube.com/

Russisk
13. november 2007

Spania Spania

http://es.youtube.com/

Spansk
19. juni 2007[8]

Sverige Svensk

http://se.youtube.com/

Svensk
22. oktober 2008

Flag of the Republic of China.svg Taiwan

http://tw.youtube.com/

Tradisjonell kinesisk
18. oktober Chita • 檢視主題 - YouTube 台灣版推出</ref>

Storbritannia Storbritannia

http://uk.youtube.com/

Britisk Engelsk
10. juni 2007[8]

Google har som mål å konkurrere med videodelande nettsider som DailyMotion i Frankrike. Selskapet har og gjort ein avtale med lokale tv-stasjonar som M6 og France Télévisions til å sende video innhald.


17. oktober 2007 vart det annonsert at ein Hong Kong versjon var lansert. YouTube-representanten Steve Chen sa det neste målet ville vere Taiwan.[14][15]


22. oktober 2007 hadde YouTube New Zealand sitt lanseringsparty, og erklærte dei hadde som mål å skape YouTube kjendisar ifrå New Zealand. Dette vart snart verkeleg gjennom YouTube show som Three Best Friends That Live Together og LiveFromJones.


Planar om å skape ein lokal versjon i Tyrkia har fått problem, ettersom tyrkiske myndigheiter har bedt YouTube om å sette opp eit kontor i Tyrkia, og dermed underlegge det tyrkisk lov. YouTube seier at dei ikkje har planar om dette og dei ikkje reknar videoane deira for å vere underlagt tyrkisk lov. Tyrkiske styresmakter har uttalt uro over at YouTube har blitt brukt til å poste enkelte videoar, som etter deira meining fornærmar nasjonalhelten Mustafa Kemal Atatürk og muslimar generelt.[16]



Bakgrunnsstoff |



  • YouTube sin offisielle nettstad

    • TestTube

    • Offisiell blogg

    • YouTube for mobilar




Fotnotar |





  1. Forbes Magazine GooTube


  2. YouTube - Broadcast Yourself


  3. YouTube - Broadcast Yourself


  4. http://www.nytimes.com/2008/08/16/technology/16tube.html?8dp


  5. [www.andhranews.net/Intl/2007/October/16/YouTube-allows-media-19094.asp YouTube allows media companies to block copyrighted content] AndhraNews.net, 16. oktober 2007.


  6. Showbiz's site fright - Variety.com, 10. marts 2007.


  7. 7,07,1 YouTube Launches in Australia & New Zealand


  8. 8,08,18,28,38,48,58,68,78,8 Google launches YouTube France News - PC Advisor


  9. YouTube Canada Now Live


  10. Czech version of YouTube launched. And it’s crap. It sucks.


  11. YouTube Germany Launches


  12. Chita • 檢視主題 - YouTube 台灣版推出


  13. YouTube now has an Indian incarnation


  14. 881903.com Commercial Radio


  15. CableTV


  16. «Long-standing YouTube ban lifted only for several hours». Today's Zaman. Henta 2008-07-10. 












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva