Vincent van Gogh




















Vincent van Gogh

Vincent van Gogh - Self-portrait with grey felt hat - Google Art Project.jpg

Fødd
30. mars 1853
Zundert
Død

29. juli 1890
Auberge Ravoux


Sjanger
landskapsmåleri, stilleben, portrett

Vincent van Gogh (30. mars 1853–29. juli 1890) var ein nederlandsk kunstmålar. Han er kjend for eit dramatisk sinnsliv og for å ha vore ein føregangar for ekspresjonismen og den moderne kunsten.




Sjølvportrett (1888)


Van Gogh byrja å teikne som og barn heldt fram med det gjennom ungdommen, noko som leia fram til at han bestemte seg for å bli kunstnar. Måling byrja han ikkje med før i slutten av tjueåra. Han fullførte mange av dei mest kjende verka sine i løpet av dei to siste åra av livet sitt. På litt over eit tiår produserte han meir enn 2100 kunstverk, som består av 860 oljemåleri og meir enn 1300 akvarellar, teikningar og skisser. Arbeidet hans inkluderer sjølvportrett, landskap, stilleben, portrett og måleri av sypressar, åkrar og solsikker.




Innhaldsliste






  • 1 Tidleg liv


  • 2 Paris


  • 3 Arles


  • 4 Samanbrot


  • 5 Ettermæle


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Tidleg liv |




Van Gogh i ca. 1871–1872, 18 år gammal.


Van Gogh var fødd i Zundert i Noord-Brabant til presten Theodorus van Gogh og Anna Cornelia Carbentus. Han studerte sjølv for å blir prest, men tok som trettiåring avgjerda om å bli kunstnar etter å ha prøvd same yrkesveg som broren Theo van Gogh hadde, som kunstseljar.


I 1880–1881 studerte han teikning under Anton Mauve i Brüssel. Han studerte deretter ved kunstakademiet i Antwerpen. Dei tidlege måleria hans skildrar arbeidar- og bondeliv, som Potetplukkarane (1885).




Paris |


I 1886 flytta van Gogh til Frankrike og verka i Paris, der han blei sterkt påverka av den nye kunsten, impresjonismen. Han trefte kunstnarar som Émile Bernard, Paul Gauguin, Henri de Toulouse-Lautrec, Paul Signac og Camille Pissarro og kom i tillegg til impresjonismen i kontakt med pointillismen. Van Gogh henta òg inspirasjon frå dei enkle linene i japansk biletkunst.




Arles |


I 1888 drog han til Arles sør i Frankrike, der han utvikla ein personleg, fargesterk kunst med kraftig, rørleg penselteknikk og sterke kjensler, ein stil som gav bod om ekspresjonismen. Her skapte han ei rekkje bilete som er blitt svært kjende i ettertid, mellom anna fleire sjølvportrett og dei kjende solsikkemåleria.





Sjølvportrett med bandasjert øyre (1889)



Samanbrot |


Dette året skar han òg av seg venstre øyret og fekk eit psykisk samanbrot. Kort tid etter blei han lagt inn på eit sinnsjukehus i Saint-Remy. Dei siste to månadene av livet budde han i Auvers-sur-Oise, og her tok han livet sitt den 29. juli 1890.



Ettermæle |


Medan van Gogh aldri blei godt kjend medan han levde, er han i ettertid blitt sett på som ein stor kunstnar. Innverknaden hans på ekspresjonismen, fauvismen og seinare abstrakt kunst var enorm.


Fleire av måleria hans er kjend som mellom dei mest verdfulle i verda. Dei fleste nederlandske musea har ei samling van Gogh-bilete, og det finst eigne van Gogh-museum både i Amsterdam og Otterlo.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Vincent van Gogh» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2005.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Vincent van Gogh» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2013.



Bakgrunnsstoff |




  • Van Gogh Museum, Amsterdam

  • The Complete Works and Letters

  • Art Gallery - Vincent van Gogh




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vincent van Gogh





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva