Blåstrupe
Blåstrupe | ||
Status i verda: Livskraftig
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Passeriformes | |
Familie: | Muscicapidae | |
Slekt: | Luscinia | |
Vitskapleg namn | ||
Luscinia svecica Linné, 1758 |
Blåstrupe (Luscinia svecica) er ein arktisk fugl. Hannen har ein kraftig blå flekk med eit rustraudt midtparti på strupen. Varselropet er «huitt tækk tækk tækk»; songen skal vere vakker og variert. Blåstrupen er ein slank fugl som vert om lag 14 cm lang og 18 gram tung.
Innhaldsliste
1 Global utbreiing
2 Leveområde i Noreg
3 Utsjånad
4 Lyd
5 Hekking
6 Føde
7 Trekktilhøve
8 Kjelder
9 Bakgrunnsstoff
Global utbreiing |
Arten er vidt utbreidd innanfor palearktis frå Europa i vest og austover gjennom Asia. Han finst også i det vestre Alaska.
Leveområde i Noreg |
Blåstrupen finst i fjellet i Sør-Noreg og i fjellet og ut til kysten i Nord-Noreg. Han likar best irrgrøne fjellbjørkeskogslier og vierkjerr langs lågalpine våtmarker, men kan også treffast i skog der or, furu og gran dominerer. Det er helst i dei lyngrike skogvegetasjonstypane ein finn blåstrupen, men også i rikare skogutformingar så vel som i fuktig skog- og viervegetasjon. Den norske hekkebestanden er truleg på 500 000 til 1 million par.
Utsjånad |
Utsjånaden varierer etter årstid, alder og kjønn. Som namnet seier er strupe og bryst blått på hannen. I midten av det blå har hannen ein rustraud flekk. Hoa har ein svakare lyseblå farge i fjørdrakta si. På sidene av indre del av stjerten har begge kjønn rustraude felt.
Lyd |
Hannen syng sterkt, variert og med mange hermande innslag, og kan til dels minne om nattergalen, ein art som er klassifisert som nært i slekt. Mest typisk for songen er ein surrande låt, blanda med klare klokkeliknande tonar.
Hekking |
Blåstrupen gøymer reiret godt, helst i kratt nær vatn. Paret byter på å ruge dei 5-7 egga, som er bleikt grønaktige eller blågrøne med rustraude flekkar. Egga vert klekte etter fjorten dagar.
Føde |
Føda er samansett av insekt i ulike stadium, både vaksne, larver og pupper. I tillegg et dei mykje markar. Maten finn blåstrupa på fuktige plassar og nær vatn.
Trekktilhøve |
Blåstrupen er ein trekkfugl som kjem til landet i april og flyg sørover i september. Fuglen opptrer skjult på trekket og er lett å oversjå. Truleg flyg dei skandinaviske fuglane søraustover mot det sørvestlege Asia.
Kjelder |
- Bjørn Njørnsrud og Gunnar Lid: Fugleboka 200 norske fuglar i fargar ISBN 82-90203-02-0
- Norsk Fugleatlas, 1994.
Bakgrunnsstoff |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|