Nojabrsk
Nojabrsk Ноябрьск | |||||
---|---|---|---|---|---|
Sentrum av Nojabrsk | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Jamalo-Nenetsk | ||||
Grunnlagd Bystatus | 1976 1982 | ||||
Borgarmeister | Nikolai Korobkov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By | 191 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 109 900 575,4 /km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 115 moh | ||||
Tidssone - Ved sommartid | YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 629800–629811 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3496 | ||||
Nettstad: www.noyabrsk.ur.ru |
Nojabrsk (russisk Ноя́брьск) er den største byen i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar (2007). Byen ligg rundt 560 km søraust for Salekhard og 870 km nordaust for Tjumen.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Økonomi og næringsliv
3 Transport
4 Bakgrunnsstoff
5 Kjelder
Historie |
Nojabrsk er ein ung by og vart grunnlagd i 1976. I 1982 fekk han bystatus. Byen oppstod som følgje av utbygginga av oljefeltet «Kholmogorskoje». Det vart bygt jernbane fram til staden og oppført bustader for arbeidarane. Busetnaden voks opp rundt jernbanestasjonen Nojabrskaja og i oktober 1976 vart busetnaden Nojabrsk offisielt grunnlagt. Namnet kjem frå det russiske ordet for november: Ноя́брь – nojabr. Ved utgangen av same år hadde han 1 523 innbyggjarar. Busetnaden voks stadig vidare, og skular og gater vart bygt.
Økonomi og næringsliv |
Byen ligg midt i dei vestsibirske oljefelta og hovudnæringa er naturleg nok oljeutvinning. Selskapet Gazprom Neft er sterkt representert i området.
Transport |
Nojabrsk lufthamn ligg seks kilometer vest for byen, med ruter til Moskva, Salekhard og fleire andre destinasjonar.
Byen ligg ved jernbanen Tjumen–Novyj Urengoj. Byen er delt i ein mindre sørleg del, Nojabrsk-I og ein større nordleg del, Nojabrsk-II. Kvar bydel har sin eigen jernbanestasjon, noko som gjennom åra har forvirra mange nye tilreisande. Jernbanelinja skil bustaddelen i byen frå industriområdA som tener oljefelta.
Bakgrunnsstoff |
Fotogalleri (russisk)
Informasjon om Nojabrsk (engelsk)
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Nojabrsk» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2009.
Byar i Jamalo-Nenetsk | ||
---|---|---|
Administrativt senter: Salekhard | ||
Gubkinskij · Labytnangi · Muravlenko · Nadym · Novyj Urengoj · Nojabrsk · Tarko-Sale |
|