Hudson elv Land USA Område New York Sideelvar Mohawk Lengd 507 km Middelvassføring 606 m³/s Munning Upper New York Bay i Atlanterhavet Elvene Hudson og Mohawk med nedbørsområdet markert med gult. Wikimedia Commons: Hudson River Hudsonelva ( Hudson River ) mohikansk Muh-he-kun-ne-tuk ) er ei elv i USA. Ho renn hovudsakleg gjennom delstaten New York, men markerer også ein del av grensa mellom New York og New Jersey. Hudsonelva har namn etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska elva i 1609. Hudsonelva sett frå Bear Mountain Bridge. Kjelda til elva er Tear-of-the-Clouds-sjøen i Adirondackfjella. Ved Albany renn Mohawk-elva saman med henne, og deretter renn ho nesten rett sørover til ho munnar ut i Atlanterhavet mellom Manhattan i New York og New Jersey. Eriekanalen, som blei opna den 26 oktober 1825, bind saman Hudsonelva og Eriesjøen, slik at byane ved Dei store sjøane fekk vasstilgang til A