Cetina




Cetina er òg ein stad i Zaragoza i Spania










































Cetina

elv

Cetina source.JPG

Kjelda til Cetina

Land

Flag of Croatia.svg Kroatia

Nedslagsfelt
3 700 km²


Lengd
105 km
Middelvassføring

105 m³/s

Kjelde
Ved Dinara
 - høgd
385 moh.
Munning

Adriahavet



Wikimedia Commons: Cetina (river)




Ein av fleire demningar




Munningen til Cetina (ved Omiš)


Cetina er ei elv sentralt i Dalmatia i Kroatia. Ho har ei total lengd på 105 km med eit nedslagsfelt på 3 700 km². Ho fell 385 meter frå kjelda til munningen i Adriahavet.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi og geologi


  • 2 Historie og arkeologi


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Geografi og geologi |


Cetina har sitt utspring på nordvestsida av Dinara ved Milasevo nær ein liten landsby kalla Cetina, 7 km nord for Vrlika. Ho renn 105 km før ho munnar ut i Adriahavet.[1] Ein stor kunstig innsjø byrjar nær Vrlika, Peručasjøen, som vart danna av ei demning 25 km lenger nede. Cetina renn over dei nedre delane av karstsletta Sinj, rundt fjellet Mosor før ho munnar ut i Adriahavet ved byen Omiš.


Den siste delen av Cetina fell relativt høgt, og her er det bygd fleire omfattande vasskraftverk. Vatnet vert òg tappa på flasker som Cetina.


Elva har ei årleg middelvassføring på om lag 105 m²/s, som følgje av den årlege nedbørsnormalen på 1 380 mm.[1] Elva grensar opp mot Dei dinariske Alpane i aust, som stig til ei høgd på 2 000 meter, og i nordvest av fjellet Svilaja. Det meste av nedslagsfeltet inneheld kalkhaldig stein frå krittida, hovudsakleg kalkstein. Steinar frå trias og juratida er og ein del av nedslagsfeltet og inkluderer dolomitt og flysj.[1]



Historie og arkeologi |


Cetinadalen og den smale dalen ved Klis har alltid fungert som den viktigaste handelsvegen mellom den kroatiske kysten og Bosnia. Strategisk var ho svært viktig for utviklinga av både Balkan og store delar av Europa [1].


Dei tidlegaste teikna på jordbruksaktivitet er frå den tidlege neolittiske tida i den øvre delen av dalen. I tidleg bronsealder vart Cetinakulturen dominerande med kontaktar rundt heile Adriahavet.[1] Som i andre delar av Europa, ser ein ut til å ha kasta mange kulturlekamar i elva gjennom førhistorisk tid. Dette gjeld særleg der Cetina og elva Ruda renn i hop ved Trilj.[1] Området ligg midt i Delmatae og spor av at området har vore strategisk viktig kan ein sjå ved legionsfestninga ved Tilurium (Gardun), som vaktar over inngangen til dalen frå sør og innfartsvegen til byen Salona.[1]


Tidleg i mellomalderen har ein funne spor som tyder på at Cetinadalen, og kanskje sjølve elva, vart ei grense mellom slaviske og sein-romerske folk. Området rundt Sinj vart etter kvart eit sentrum til den slaviske makta, og til slutt sentrum i den tidlege kroatiske staten.[1]


Under seinare periodar kom området stadig inn under nye regionale og lokale styresmakter før det vart erobra av Det osmanske riket tidleg på 1500-talet. Etter dette var elva ei grense før området igjen vart erobra av osmanarane 150 år seinare.[1]



Kjelder |




  1. 1,01,11,21,31,41,51,61,71,8 Smith, D., Gaffney, V., Grossman, D., Howard, A.J., Milosevic, A., Ostir, K., Podobnikar, T., Smith, W., Tetlow, E., Tingle, M., and Tinsley, H. 2006. Assessing the later prehistoric environmental archaeology and landscape development of the Cetina Valley, Croatia. Environmental Archaeology 11 (2): 171-186



Bakgrunnsstoff |


  • Cetina




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva