Emmy Noether











































Emmy Noether
Noether.jpg

Fødd
23. mars 1882
Erlangen
Død
14. april 1935
Bryn Mawr
Nasjonalitet Tyskland
Område
algebra, abstrakt algebra, teoretisk fysikk, field theory
Yrke
matematikar, fysikar, universitetslærar
Institusjonar
Universitetet i Göttingen
Bryn Mawr College
Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg
Alma mater Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg
Doktorgradsrettleiar Paul Gordan
Medlem
Circolo Matematico di Palermo
Deutsche Mathematiker-Vereinigung

Amalie Emmy Noether (23. mars 1882–14. april 1935) var ein tyskfødt matematikar. Albert Einstein skal ha sagt om henne at ho var ein av dei mest kompetente matematikarane som levde, og at ho var det mest signifikante matematiske geniet som var produsert sidan kvinner fekk tilgjenge til høgare utdanning. Noether hadde ei djuptgåande innsikt som ho brukte til å utvikle elegante abstraksjonar.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


  • 2 Matematikken til Noether


  • 3 Publikasjonar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Biografi |


Noether vart fødd i Erlangen i Tyskland, der faren var professor i matematikk. Ho hadde ein yngre bror, Fritz Noether, som òg var matematikar. I motsetnad til mange andre store matematikarar, viste ikkje Noether noko særleg interesse for matematikk då ho var yngre. Som tenåring var ho mest interessert i musikk og dans.


Sjølv om Universitetet i Erlangen ikkje tillét kvinnelege studentar på denne tida, fekk Emmy løyve til å følgje undervisinga. I 1904 vart det endeleg tillate for kvinner å studere ved Universitetet i Erlangen, og då vart Emmy straks student i matematikk. Tre år seinare tok ho doktorgraden med Paul Gordan som rettleier. Ho leverte ei rekkje viktige publikasjonar som gav henne eit godt rykte. I 1915 flytta ho til Göttingen, men Universitetet i Göttingen nekta å la henne undervise der. Ein av kollegaene hennar ved universitetet var den kjende matematikaren David Hilbert, og han annonserte kurset hennar i timeplanen til universitetet under sitt eige namn. Det oppstod fleire stridar ved universitetet, men til slutt vart ho teke opp som fullverdig medlem av fakultetsstaben i 1919.


I 1933 flykta Emmy frå Tyskland. Dei nazistiske raselovene forbaud henne å undervise ved universitetet. Ho slo seg ned i USA og byrja å undervise ved Bryn Mawr College. Ho døydde her under mystiske omstende i 1935. Emmy vart aldri gift, og ho hadde ingen slektningar i USA. Den yngre broren hennar, Fritz Noether, flykta frå det tyske naziregimet til Sovjetunionen i 1934. Han vart skoten for anti-sovjetisk propaganda i 1941.



Matematikken til Noether |




  • Noethers setning er eit sentralt resultat i teoretisk fysikk som uttrykkjer ein-til-ein korrespondansen mellom symmetriar og bevaringslover.


  • Laskar-Noether-setninga er eit viktig resultat innan kommutativ algebra.

  • Saman med Emil Artin og Helmut Hasse grunnla ho ein teori som blir kalla sentrale enkle algebraer (central simple algebras).



Publikasjonar |


  • Emmy Noether, Abstrakter Aufbau der Idealtheorie in algebraischen Zahl- und Funktionenkörpern, Mathematische Annalen 96 (1927) s. 26-61


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Emmy Noether» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2011.



Bakgrunnsstoff |



  • Emmy Noether - MacTutor History of Mathematics archive




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva