The Bel-Airs var eit tidleg og viktig surferockband frå South Bay i Los Angeles og var aktiv tidleg i 1960-åra.[1]
Dei var mest kjend for hitten sin «Mr. Moto» frå 1961, ein instrumental surferocksong memd ein flamenco-inspirert intro og ein pianosolo i mellomspelet. Temaet i songen vart nytta i soloen til songen «Seed» av Sublime.
Då dei vart oppløyst skipa gitaristen Eddie Bertrand Eddie & the Showmen i 1964, medan gitaristen Paul Johnson vart med i Cat Mother & the All Night Newsboys i 1970. Den opphavlege Bel-Airs-trommisen Dick Dodd vart med Bertrand i Eddie & the Showmen, og spelte seinare i The Standells, der han spelte trommer og song på hitten deira «Dirty Water» frå 1966.[2]Richard Delvy erstatta Dick Dodd på trommer og skipa seinare surfegruppa The Challengers.
Johnson har halde fram med musikk og har mellom anna vore medlen i Jim Fuller si utgåve av The Surfaris sidan 1990.[3] Bertrand fortsette òg med musikkk og turnerte som Eddie and the Soundwaves.[4] Dodd har delteke i fleire nyare utgåver av The Standells.
Eddie Bertrand døydde av kreft i november 2012.[5]
Innhaldsliste
1Bandmedlemmar
2Utgjevingar
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Bandmedlemmar |
Paul Johnson (gitar)
Eddie Bertrand (gitar)
Richard Delvy (trommer, erstatta Dick Dodd)
George Dumeshousen (trommer)
Dick Dodd (trommer)
Chas Stuart (saksofon)
Steve Lotto (bass og vokal)
Jim Roberts (piano)
Art Fisher (sologitar), erstatta Eddie Bertrand
Utgjevingar |
« Mr Moto» med «Little Brown Jug» (1961)
« Charlie Chan» med «Baggies» (1964)
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «The Bel-Airs» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2018.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑Allmusic
↑Profile of The Standells; www.classicbands.com.
↑«Surfari Section - Paul Johnson's Guitar Heaven». Pjmoto.com.
↑See Chris MacDonald, Surf Museum «sizzles» with summer concert; www.beachcalifornia.com. Undated news release and video in relation to Huntington Beach International Surfing Museum.
↑«Influential surf gitarist Eddie Bertrand of the Bel-Airs dies». Los Angeles Times. 2012-11-02. Henta 3. mars 2018.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...