Neretva

Multi tool use
Neretva
|
elv
|
Neretva sett frå Stari Most
|
Land
|
Bosnia-Hercegovina, Kroatia
|
|
|
Lengd
|
225 km
|
|
Kjelde
|
Dei dinariske Alpane
|
Munning
|
Adriahavet
|
|
|
Wikimedia Commons: Neretva
|
|
Neretva er ei elv i Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Den totale lengda hennar er 225 km, der 203 km er i Herzegovina, og dei siste 22 km i Dubrovnik-Neretva kommune i Kroatia.
Den øvre delen av Neretva har krystallklårt og reint vatn, og er kanskje ei av dei kaldaste elvane i verda, og er ofte ikkje meir enn 7-8 °C midt på sommaren. Neretva har òg eit endemisk og svært skjørt dyreliv, som er utryddingstrua.
Neretva har sitt utspring i Dei dinariske Alpane og har skapt store gjel gjennom dei. Ho endar til slutt ut i ein vid dal med gode jordbruksforhold. Det er oppretta ein stor innsjø nær Jablanica, skapt av Neretva og minst tre demningar mellom Jablanica og Mostar.
Den bosniske regjeringa har nyleg framlagt planar om å la utanlandske investorar byggje fleire deminingar lenger oppe i elva, og øydelegge gjelet ho strøymer gjennom. Miljøvernsaktivistar har protestert og ønskjer å behalde dette vakre området uendra.

Vegbru over Neretva nær Rogotin i Kroatia.
Dei mindre elvane Rakitnica, Rama og Trebižat munnar ut i Neretva frå høgre, medan elvane Buna og Bregava renn inn frå venstre. Dei siste 30 km av Neretva dannar ho eit avleiringsdelta før ho munnar ut i Adriahavet.

Den «Gamle Brua» eller «Stari Most», symbolet på Mostar, nybygd i 2004.
Den største byen Neretva renn gjennom er Mostar. Andre byar og landsbyar er Konjic, Metković, Jablanica, Čapljina i tillegg til den historiske landsbyen Počitelj.
Den Gamle Brua eller Stari Most er ei gamal bru over Neretva i Mostar, som opphavleg var bygd i 1556/1557 og står på UNESCO si verdsarvliste. Brua vart øydelagd av kroatar under krigen i Bosnia-Hercegovina 9. november 1993. Brua vart gjenreist og opna 23. juli 2004.
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Neretva frå Engelsk Wikipedia .
Autoritetsdata |
- WorldCat
- VIAF
- GND
- LCCN
- NKC
- GeoNames
|
|
7giUCU9hhEWJQdT,bDsB3D,4bHZQ1PT1uwm hPm4d6sx6HR6LRhl4bpUSGtUAXl af
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...