Kamysjin
Kamysjin Камышин | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Volgograd oblast | ||
Grunnlagd Bystatus | 1668 1780 | ||
Borgarmeister | Aleksander Tsjunakov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By | 81 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 120 000 1 481,5 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 50 moh | ||
Tidssone - Ved sommartid | MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 403870–403895 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)84457 | ||
Nettstad: www.admkamyshin.info |
Kamysjin (russisk Камы́шин) er ein by i Volgograd oblast i Russland med om lag 120 000 innbyggjarar (2007). Han ligg på vestsida av Volgograd-reservoaret i Volga, ved munningen av elva Kamysjinka, rundt 170 km nord for Volgograd.
Kamysjin vart grunnlagt i 1668 på venstrebreidda av elva Kamysjinka. I 1710 vart alle innbyggjarane flytta til festninga på motsett side av elva. Denne busetnaden vart kalla Dmitrijevskij. I 1780 endra dei namnet til Kamysjin. På 1800-talet vart Kamysjin ein kjøpstad med sagbruk og vindmøller. Han var tidlegare kjent for handelen med vassmeloner.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Kamysjin» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2009.
Byar i Volgograd oblast | ||
---|---|---|
Administrativt senter Volgograd | ||
Dubovka · Frolovo · Kalatsj-na-Donu · Kamysjin · Kotelnikovo · Kotovo · Krasnoslobodsk · Leninsk · Mikhajlovka · Nikolajevsk · Novoanninskij · Pallasovka · Petrov Val · Serafimovitsj · Surovikino · Urjupinsk · Volzjskij · Zjirnovsk |
|