Gulerle















































Gulerle



Vaksen fugl av nominatforma flava
Vaksen fugl av nominatforma flava



Systematikk

Domene:
Eukaryota

Rike:
Animalia

Rekkje:
Chordata

Underrekkje:
Vertebrata

Klasse:
Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:

Motacillidae

Slekt:

Motacilla

Art:

M. flava

Vitskapleg namn
Motacilla flava

Linné, 1758


Gulerle er ein fugleart i erlefamilien.




Innhaldsliste






  • 1 Utsjånad


  • 2 Utbreiing


  • 3 Førekomst i Noreg


  • 4 Hekking


  • 5 Føde


  • 6 Trekktilhøve


  • 7 Kjelder





Utsjånad |


Gulerla er på form ganske lik linerla, og som andre erler vippar ho på den lange stjerten. Denne er likevel litt kortare enn på dei andre europeiske artane i slekta. Den vaksne fuglen har i store trekk ei olivenfarga oversida og gul underside og har elles mykje gult i drakta. Ryggen, kantane på svingfjørene, underkroppen og stjertdekkfjørene på undersida er gule. Styrefjørene er svarte og svingfjørene olivenfarga. Hoa har mattare fargar og ryggen er meir grå enn på hannen. På hausten vert hannen mørkare i drakta. Fuglen si totallengd er 17 cm, vengespennet 23-27 cm. Hovudteikningane på hekkande hannar er ulik på dei ulike underartane.



Utbreiing |


Arten er utbreidd over det meste av palearktis og i Alaska.



Førekomst i Noreg |


Det er kjent tre underartar av gulerle i Noreg. Såerla er langt den vanlegaste. Denne hekker i indre og høgareliggande trakter på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, og helst i bjørkebeltet til fjells. Ho finst også i barskogområde nordpå og dessutan i høgareliggande, open barskog, ofte i myrlende, både i Trøndelag og på Austlandet. På det meste av Vestlandet er såerla fråverande. Sørleg gulerle og engelsk gulerle har heilt andre krav til leveområde enn såerla, og finst i ein kystnær bestand hovudsakleg frå Østfold til Rogaland. Dei fleste av desse fuglane finst frå Lista til Jæren, dessutan har ytre delar av Østfold ein livskraftig bestand av sørleg gulerle. Begge underartane trivst i ope landskap, gjerne dyrka mark og beiteområde nær våtmarker. Dei krev også småbusker, gjerde og liknande ved reiret. Dessutan vil desse gulerlene ofte ha ope vatn nær hekkeområdet, gjerne stiltflytande elvar.



Hekking |


Gulerlene kjem til Noreg i mai. Hoa legg 4-8 egg i eit reir som er gøymd i ei grastue. I sør vert egga, som er spraglete i mønsteret, lagde i månadsskiftet mai-juni, til fjells og i Nord-Noreg midt i juni. Rugetida er 11-13 døgn, og ungane ligg i reiret om lag like lang tid etter klekkinga. Dei kan flyge når dei er 16-17 døgn gamle, og foreldra matar dei lenge etter at dei har drege frå reiret.



Føde |


Fuglane et i hovudsak insekt.



Trekktilhøve |


Gulerla er ein utprega trekkfugl som flyg frå landet om hausten, oftast i september. Arten overvintrar hovudsakleg i grasområde og på savannen i tropisk Afrika.



Kjelder |



  • Norsk fugleatlas, 1994.

  • «Gulärla» frå Wikipedia på svensk




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva