Calling Occupants of Interplanetary Craft
Calling Occupants of Interplanetary Craft Singel av Klaatu frå albumet 3:47 EST | ||
B-side | «Sub-Rosa Subway» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1976 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Progressiv rock, spacerock, psykedelisk rock | |
Lengd | 3:23 (singel), 7:14 (album) | |
Selskap | Daffodil | |
Låtskrivar(ar) | Terry Draper, John Woloschuk | |
Produsent | Klaatu |
Calling Occupants of Interplanetary Craft Singel av The Carpenters frå albumet Passage | ||
B-side | «Can't Smile Without You» | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Poprock, softrock | |
Lengd | 7:06 (album), 3:59 (singel) | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Klaatu | |
Produsent | Richard Carpenter | |
The Carpenters-kronologi | ||
«All You Get from Love Is a Love Song» (1977) | Calling Occupants of Interplanetary Craft | «The Christmas Song (Chestnuts Roasting on an Open Fire)» (1977) |
«Calling Occupants of Interplanetary Craft (The Recognized Anthem of World Contact Day)» er ein song av Klaatu, opphavleg gjeve ut i 1976 på det første albumet deira 3:47 EST. Songen opna nattsendinga på piratradiostasjonen Radio Caroline. Året etter songen kom ut spelte The Carpenters inn songen, med hjelp av 160 musikarar. Begge versjonane av singlane hadde det fulle namnet på omslaget (men Carpenters hadde undertittelen i lita skrift). På seinare singelutgåve for Klaatu var tittelen korta ned til «Calling Occupants».
Innhaldsliste
1 Opphav
2 Lister
3 Medverkande
4 The Carpenters-versjonen
4.1 Lister
4.2 Medverkande
5 Kjelder
Opphav |
John Woloschuk, medlem i Klaatu og ein av dei som skreiv songen sa:
- Ideeln for denne songen kom av ei faktisk hending som var skildra i The Flying Saucer Reader, ein bok av Jay David frå 1967. I mars 1953 skal ein organisasjon kalla «International Flying Saucer Bureau» send ein bulletin til alle medlemmane sine der dei bad dei delta i eit eksperiment kalla «World Contact Day», der dei til ein fastsett dato og tidspunkt i lag skulle prøve å sende ut ei telepatisk melding til vitjande frå det ytre rommet. Meldinga byra med «Calling occupants of interplanetary craft!»[1]
Lister |
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 62 |
Canada RPM 100 Singels | 45 |
Medverkande |
- John Woloschuk - solovokal, korvokal, piano, orgel, synthesizer, bassgitar
- Dee Long - korvokal, mellotron, synthesizer, elektrisk gitar
Terry Draper - solovokal, korvokal, trommer, pauke, perkusjon
Terry Brown - korvokal
[2]
The Carpenters-versjonen |
The Carpenters-versjonen vart gjeven ut på Passage og fleire samlealbum. Singelen vart ein suksess og mange skreiv brev til duoen der dei spurte når World Contact Day (verdas kontaktdag) skulle vere. Songen kom ut kort tid før Steven Spielberg-filmen med liknande tema, Nærkontakt av tredje grad kom ut, november same året. Ein del av songen kan høyrast i filmen The Wolverine frå 2013.
Carpenters-versjonen opna med ein radioprat på eit innringingsprogram, som får ein telefon frå ein «Mike Ledgerwood». Då DJen spør Mike om eit songynske svarar ei romvesenstemme. Radioprataren på songen var gitaristen til Carpenters, Tony Peluso, som i musikkvideoen òg spelar denne radioprataren.[3]
Singelomslaget vart måla av Star Trek-designeren Andrew Probert.
I april 2011 vart songen nytta i BBC-serien Wonders of the Solar System, leia av dr. Brian Cox.
Lister |
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 32 |
U.S. Cash Box Top 100 | 23 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 18 |
Canadian Singles Chart | 9 |
UK Singles Chart | 9 |
Irish Singles Chart | 1 |
Medverkande |
Karen Carpenter - solo- og korvokal
Richard Carpenter - solo- og korvokal, klaverinstrument
Joe Osborn - bassgitar
Tony Peluso - gitar, DJ
Ron Tutt - trommer
- Earle Dumler - obo
Gregg Smith Singers - korvokal
Peter Knight - orkesterarrangement
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Calling Occupants of Interplanetary Craft» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Woloschuk, John. «Klaatu Track Facts» (quote used by permission). The Official Klaatu Homepage. Henta 9. februar 2015.
↑ http://www.klaatu.org/
↑ «Carpenters official web site:». Passage album notes. Henta 9. februar 2015.