Malvik kommune


































































Malvik kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Trøndelag


Adm.senter

Hommelvik

Areal
169 km²
 - land
162 km²
 - vatn
7 km²

Folketal
13 958 (1. januar 2018)
Folketettleik

86 / km²



Målform
bokmål

Ordførar
Ingrid Aune (Ap)


Kommunenr.
5031




NO 5031 Malvik.svg




Wikimedia Commons: Malvik

Nettstad: www.malvik.kommune.no




Malvik er ein kommune i Trøndelag. Den ligg mot Trondheimsfjorden i nord og grensar til Stjørdal i aust, Selbu i sør og til Trondheim i vest. Administrasjonssenteret Hommelvik og Vikhammer er folkesetnadstyngdepunkta i kommunen. Europaveg 6 og Nordlandbanen kryssar kommunen i austleg–vestleg retning.


Malvik har tradisjonelt vore eit jordbruksdistrikt, basert på dyrehald og korndyrking, som enno er omfattande. Hommelvik vart bygd opp rundt sagbruk. Verkstads- og næringsmiddelindustri er framståande; på Sveberg har Nortura det største slakteriet i landet. I mellom- og etterkrigstida bygde mange trondheimarar fritidsbustader i Malvik. Seinare har dei nye busetnadene på Vikhammer, Saksvik og Hundhammaren fått eit typisk forstadspreg. Rundt 60 % av dei sysselsette i kommunen pendlar til Trondheim, og Malvik vert rekna som ein del av Trondheimsregionen.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Stader i Malvik




  • 2 Samfunn


    • 2.1 Skular


      • 2.1.1 Barneskular


      • 2.1.2 Ungdomsskular


      • 2.1.3 Vidaregåande skular




    • 2.2 Politikk




  • 3 Historie


  • 4 Kultur


    • 4.1 Konsertar


    • 4.2 Festival


    • 4.3 Tusenårsstad


    • 4.4 Lokalmedia


    • 4.5 Severdigheter


      • 4.5.1 Nygårdsvolden


      • 4.5.2 Mostadmark jernverk






  • 5 Kjende malvikingar


  • 6 Referansar


  • 7 Litteratur


  • 8 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Dølafossen i Homla.
Foto: Roy Kvarme



Kommunen grensar til Trondheim i vest, Selbu i sør og Stjørdal i aust. Malvik grensar dessutan til Klæbu i eit punkt på Hevillen (412 moh.).[1] Malvik har to små eksklaver (Jøsåsgardane) som er omgjeve av Stjørdal kommune, men berre har vegsamband til Malvik.[2]


Kommunen ligg mot Trondheimsfjorden i nord med ei kystlinje på 24 km. Kommunen mæler 168 km², der 124 km² er skog, 14 km² dyrka mark og 7 km² ferskvatn. Homla, med ei samla lengd på 29,5 km, har utløp i Trondheimsfjorden ved Hommelvik.[3] Geologisk ligg kommunen i Trondheimsfeltet, så berggrunnen består i all hovudsak av fyllitt. Dyrka leirbakkar finst langs fjorden og innover eit par dalar opp til ca. 150 moh. Lengre inn i landskapet finst myr, nokre små innsjøar og skogkledde åsar. Det høgaste punktet i kommunen er på 624 moh. og ligg i lia opp mot Baklifjellet (Vennafjellet) på grensa mot Selbu. [4]



Stader i Malvik |



  • Smiskaret (Bygd)


  • Malvik (Bygd)


  • Muruvik (Grend)


  • Hommelvik (Bygd)

  • Vikhamar (Tettstad)


  • Saksvik (Tettstad)

  • Hundhammaren (Tettstad)

  • Mostadmark (Bygd)

  • Bjørnmyra (Bygd)

  • Svehøgda (Bygd)

  • Kvegjerdet (Storgård)



Samfunn |


I Malvik er det éin vidaregåande skule, Malvik vidaregåande. Skulen har i dag eit breitt fagtilbud fordelt på fem ulike studieretningar med 343 elevar.



Skular |



Barneskular |



  • Hommelvik skole

  • Vikhammeråsen grendaskole

  • Vikhammer skole

  • Saksvik skole

  • Sveberg skole



Ungdomsskular |



  • Hommelvik ungdomsskole

  • Vikhammer ungdomsskole



Vidaregåande skular |


  • Malvik vidaregåande skole


Politikk |


Kommunestyrevalet 2015


Historie |


Malvik vart eigen kommune i 1891 etter å ha vorte utskilt i frå Strinden herad.



Kultur |



Konsertar |


Café Rampa i kommunesenteret Hommelvik er staden der flest konsertar blir halde. Kaféen er forresten òg kjent frå NRK-programmet Billetten og frå TV3-programmet Hellstrøm ryddar opp.[1][2]



Festival |


Årleg vert Arbeidarfestivalen arrangert i Hommelvik. Festivalen vart starta i 2004 og har som føremål «å synleggjera historia til arbeidarrørsla og kultur med utgangspunkt i lokal tradisjon og historie.»[3]



Tusenårsstad |


Tusenårsstaden til kommunen er kyrkjestova ved Malvik kyrkje.



Lokalmedia |


Kommunen vert dekt av dei to avisene Malviknytt og Bladet. I februar 2017 vart Malvik-Bladet slått saman med Stjørdalens blad under namnet Bladet.



Severdigheter |



Nygårdsvolden |


Nygårdsvolden ligg fem minutt i frå Hommelvik sentrum og var tidlegare ein husmannsplass. Johan Nygaardsvold vart fødd her, men flytta då faren døydde (1897) husa ned til Hommelvik sentrum.



Mostadmark jernverk |


Mostadmark jernverk vart etablert i 1653. Den første jarnsmeltinga starta våren 1657 og produkta var i hovudsak krigsmateriell til festningsanlegg i trondheimsområdet, men verket vart etter kvart hovudleverandør av jarn til kongen av Danmark. Danskekongen vart etter kvart så avhengig av jarnet frå verket at han konfiskerte verket frå eigaren til verket, svensken baronet William Davidson då det braut ut krig mellom Danmark-Noreg og Sverige. Jernverket gjekk konkurs i 1695, men i 1758 vart drifta starta opp att og det vart drive jernverk heilt fram til 1872. Det vart vedteke å leggja ned verket fordi jernverket i europeisk samanheng var eit lite jernverk, og det vart for dyrt å laga kol av tre i tilhøve til prisen på steinkol.





Kjende malvikingar |




  • Johan Nygaardsvold (1879–1952), stortingsrepresentant (Ap) 1916–1949, statsminister 1935–1945


  • Rut Tellefsen (1930-), skodespelar


  • Siri Frost Sterri (1944-), stortingsrepresentant (H) 1985–2001

  • Arnfinn Muruvik Vonen (1960–), professor, direktør i Språkrådet 2011–2015


  • Kåre Ingebrigtsen (1965–), fotballspelar (RBK)


  • Ingvild Vaggen Malvik (1971–), politikar (SV/Ap), stortingsrepresentant 2001–2005


  • Mads Eriksen (1977–), teikneserieskapar

  • Jon Åre Herjuaune (1988–), norgesmeister i styrkeløft i 2007



Referansar |




  1. «Om kommunen». 


  2. Brekk, Sverre (2007). «Prestvegen fra Jøsåsen til Værnes». Historisk årbok nr. XVI. s. 51–53. 


  3. Mal:NVE Atlas


  4. Jf. www.norgeskart.no



Litteratur |




  • Buhaug, Karl Petter (1977). Landnåm og kolonisasjon. Bosettingshistorie i Malvik fram til ca. 1350 (Hovedoppgave i historie). Universitetet i Trondheim. 


  • Forbord, Kåre (1996). Malvik kirke 150 år. ISBN 82-91387-03-6. 


  • Forbord, Kåre (2003). Malvik bygdebok. Bosteds- og brukerhistorie for Malvik. Folk og liv i hus (rev. utg.). Malvik kommune. 


  • Fredriksen, Leif (1970). Klassemotsetninger og politisk spenning på industristedet Hommelvik i Malvik kommune i årene 1910-1915 (Hovedoppgave i historie). Universitetet i Trondheim. 


  • Haldberg, Tor m.fl. (red.) (1987). Hommelvik kirke 100 år. Malvik kommune. ISBN 8273580075. 


  • Halse, Kåre (1991). Malvik kommune 100 år. Malvik kommune. ISBN 82-7358-022-9. 



Bakgrunnsstoff |



  • Malvik kommune sine heimesider

  • Malvik videregående skole

  • Malvik Idrettslag












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva