Duetrast














































Duetrast

Duetrast
Duetrast

Duetrasthoe
Duetrasthoe

Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██  Hekkande sommargjest ██  Standfugl ██  Vintergjest (områda er omtrentlege)
██  Hekkande sommargjest

██  Standfugl
██  Vintergjest (områda er omtrentlege)



Systematikk

Rike:

Dyr Animalia

Rekkje:

Ryggstrengdyr Chordata

Underrekkje:

Virveldyr Vertebrata

Klasse:

Fuglar Aves

Orden:

Sporvefuglar Passeriformes

Familie:

Trastefamilien Turdidae

Slekt:

Turdus

Art:

Duetrast T. viscivorus

Vitskapleg namn

Turdus viscivorus

Linné, 1758


Duetrast er ein fugleart i trastefamilien som finst i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Han er standfugl i sørlege delar av leveområdet, men dei nordlege og austlege populasjonane trekkjer sørover om vinteren.


Fuglen er ein stor trast med lys gråbrun overside, gråkvit hals og svarte flekkar på den svakt gule undersida. Dei to kjønna har lik fjørdrakt, men berre hannfuglen syng melodisk. Duetrast har tre underartar med små skilnader imellom seg.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


    • 1.1 Utsjånad


    • 1.2 Læte




  • 2 Levevis


    • 2.1 Føde


    • 2.2 Hekking




  • 3 Utbreiing


    • 3.1 Førekomst i Noreg


    • 3.2 Trekktilhøve




  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Skildring |



Utsjånad |


Duetrasten er 26-29 cm lang og veg opp til 140 gram. Han liknar måltrasten, men er større med lengre stjert, er lysare i fjørdrakta og står meir opprett. I flukt verkar fuglen kraftfull og flyg i lengre bogar enn måltrasten. På rygg og skuldrer er duetrasten gråbrun med snev av olivenbrunt. Dei tre ytre halefjørene på kvar side har kvitt i indre kanten mot spissen. Vengedekkfjørene på undersidene er kvite. Halsen, brystet, buken og undergumpen er kvite med svartaktige runde flekker. Strupen er utan flekkar. Dei fleste fuglane har ein mørk flekk på kvar side av brystet i overkant av vengen. Austlege populasjonar er noko lysar og mindre tettprikka enn vestlege.



Læte |


Hannfuglen har ein høg, melodisk song som liknar den til svarttrasten, men er kortare og skarpare. Denne fløytande låten er seinare og mindre variert enn den til svarttrasten, og blir gjenteken tre til seks gonger. Fuglen sit i toppen av eit tre eller ei anna høg stilling og syng, hovudsakleg frå november til tidleg i juni. Han syng mest tidleg om morgongen, og er ofte å høyra etter uvêr og i nokre høve mens det framleis regnar og blæs. Dette har gjeve han det engelske kallenamnet «stormcock».[1]


Lokkelåten, som blir brukt av begge kjønn, er «trr» eller «zrr».[1] Fuglen har også ein pipande kontaktlåt, «tuk».[2]



Levevis |



Føde |


Fuglen et markar, insekt og insektlarvar, og bær. Han er særleg kjend for å eta mistelteinbær, og det vanlegeaste engelske namnet på han er «mistle thrush».




Duetrastegg



Hekking |


Hannen markerer territoriet med song snart etter at han er komen attende frå vinteropphaldet. Han brukar gjerne ein fast songplass, men kan også markere territoriet med songflukt. Songen held fram ut juni, men høyrest lite etter at egga er lagt. Vert eit nytt kull lagt kan songen ta seg opp igjen. Hekketerritoriet er mykje større enn tilsvarande for måltrast og svarttrast. Reiret vert plassert i bartre, ute på solide greiner. Det liknar gråtrasten sitt reir, men er noko meir slurvet bygd, og med meir mose. Duetrastane kan hekke i glisne koloniar, men oftast hekkar dei i solitære par. Reira vert forsvart kraftig mot mindre rovdyr og rovfuglar. Mot menneska er reaksjonen ulik, men oftast held fuglane seg på avstand. Fuglen kan trykke hardt på egga når dei vert forstyrra. Når ungane er komne kan duetrastane angripe på gråtrasten sitt vis.


Hoa legg 4-6 egg i mai-juni, lengst sør i landet kanskje allereie i april. Ungane vert i reiret 16-17 dagar. Foreldra forar dei to veker etter at dei er ute. Familien dreg frå hekkeområdet raskt og lever nomadisk resten av sommaren.



Utbreiing |


Hekkeområdet til arten ligg i den vestre og sentrale delen av palearktis, frå polarsirkelen i nord til fjelltrakter i Nord-Afrika, Litleasia og Himalaya i sør.



Førekomst i Noreg |


Fuglen hekkar på Austlandet nord til vasskiljet mot Trøndelag. Mot vest hekkar fuglen til og med Agder og til dels i Rogaland. Elles på Vestlandet og i Trøndelag er hekking sjeldsynt. I nord hekkar fuglen spreidd i furuskogane i Pasvik. Duetrasten er typisk knytt til turre og opne furuskogar med lite undervegetasjon. Han kan også finne seg til rette i kulturlandskapet, i skogkantar og treklynger.



Trekktilhøve |


Duetrastar på trekk er lett kjennelege på den raspande læta. Dei kjem til hekkeplassane straks snøen er reist, dei første i slutten av mars, størsteparten i april. Hoa kjem ei veke etter hannen. Som andre trastar dreg dei sørover i september-oktober. Er det mykje frukt og bær kan duetrasten ein sjeldan gong overvintre. Vinterkvartera ligg lengst sør i Vest-Europa. I kalde vintrar dreg mange til Nord-Afrika.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |





  1. 1,01,1 Clement, Peter; Hathway, Ren; Wilczur, Jan (2000), Thrushes (Helm Identification Guides), London: Christopher Helm Publishers, ISBN 0-7136-3940-7  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.


  2. Hoyo, Josep del; Elliott, Andrew; Sargatal, Jordi; Christie, David A (eds.), «Mistle Thrush», Handbook of the Birds of the World Alive (Lynx Edicions), henta 10 September 2013  CS1 maint: Multiple names: authors list (link) Subscription required. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.





  • Norsk fugleatlas, 1994.

  • «Dubbeltrast» frå Wikipedia på svensk. Henta den 23. februar 2011.




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Mistle Thrush» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2014.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva