Tanums kommun




Koordinatar: 58°43′N 11°19′E























































Tanums kommun

kommune

Felsritzungen Tanumshede.jpg






Kommunevåpen


Land

Flag of Sweden.svg Sverige

Len

Västra Götalands län

Landskap

Bohuslän


Centralort

Tanumshede

Areal
2 329 km²
 - land
924 km²
 - vatn
1 406 km²

Folketal
12 370
Folketettleik

13 / km²





Tanum Municipality in Västra Götaland County.png




Wikimedia Commons: Tanum

Nettstad: www.tanum.se


Tanums kommun, er ein kommune i Bohuslän, Västra Götalands län i Sverige. Kommunesenteret (centralort) er tettstaden Tanumshede. Kommunen ligg midtvegs mellom Göteborg og Oslo.


Kommunen har namn etter Tanums socken, som i 1317 vart skrive Tuneims sokn. Soknet har fått namnet etter grenda Tuneim, der kyrkja låg. Den fyrste lekken i namnet er det gamle nordiske ordet tun, som tyder inngjerda område, og som etter kvart har utvikla seg til tan. Utviklinga frå tun til tan finst det òg døme på i norske stadnamn, til dømes stadnamnet Tanum i Bærum kommune, som òg er namnet på ein mellomalderkyrkje. Siste lekken i namnet Tanum var opphavleg heim, som tyder buplass eller gard, og som seinare vart redusert til um, slik ein òg har mange døme på for norske stadnamn og gardsnamn, ikkje berre Tanum i Bærum, men til dømes òg Skaugum, opphavleg Skogheim, i Asker kommune.


Dagens Tanums kommun vart skipa i 1971 ved at tre storkommunar som hadde vorte oppretta i 1952 vart slege saman. Tanumshede vart då valt som administrasjonssenter for den nye kommunen, som i nordvest har grense til Strömstads kommun, i nord til Noreg og Halden kommune, i nordaust til Dalsland (Dals-Eds kommun), i søraust til Munkedals kommun, i sørvest til Sotenäs kommun og i vest til havområdet Skagerrak.


Rekna etter storleiken på arealet er kommunen den største i Bohuslän. Kommunen har ein særs varierande natur, med mange holmar og skjer på kysten i vest, store jordbruksbygder rundt låge skogdekka kollar i granitt i det flate landet innanfor, og i aust eit skoglandskap med vatn, sjøar og høgdedrag, med Bullaresjöarna som det største innsjøsystemet. Her ligg Farlighögen, som med sine 207, 2 meter over havet er det høgste punktet i kommunen. Berggrunnen i aust, mot Dalsland, er av gneis, nærare kysten av granitt, såkalla Bohusgranitt, og langs kysten og eit stykkje ut i skjergarden er det gneisliknande bergartar og granittklippar finslipte av isen under den siste istida.


Kommunen ligg i eit distrikt som har vore busett sidan istida, slik arkeologiske funn provar. Kommunen er dessutan særs rik på helleristingar frå bronsealderen og eldre jarnalder, helleristingsområdet i Tanum er blant dei viktigaste fornminna i Skandinavia.













Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva